Gjesteoppsitt på Nessaja

På torsdag er det kvalifisering til Norsk Travamatørforenings montécup, det er samtidig Rousseau Detains montéløp. Det såg lenge ut som eg ikkje skulle få hest til dette løpet, men så kom Elsie Hafskjold som ein reddande engel. Ho kjem til Bergen med to hestar. Matchbar som ho skal ri sjølv og Nessaja som eg skal få låna. Eg kjenner ikkje til hesten, men eg har ser ho har gått ein del montéløp. Ut frå resultata ser det ut til at ho er ei jevn og flink, travsikker dame. Som raskast har ho trava 1.17,4 på sprint og 1.18,4 over 2100 meter. Ho skal starta med Elsie på søndag, og om ho fungerer fint då får eg ri på torsdag. Så det vert spennande å sjå, eg er i alle fall veldig takknemleg for at ho vil gje meg sjansen. Det er kjekt og veldig lærerikt å prøva nye hestar.

Denne gongen er det ingen som i mine auger peikar seg ut som tydeleg favoritt, så her kan nesten kven som helst vinna. Feltet er vanskeleg å vurdera. Nokre av hestane har starta få montéløp, Traffic Light debuterer og mange av hestane har hatt skral form i det siste. Så dette kan kanskje verta eit vrient løp.

Det er dei to amatørrytterane som har betalt medlemsskap i amatørforeningen som går vidare til finalen på Jarlsberg Travbane. Ein del av rytterane her er altså ikkje kvalifisert for å gå vidare til finalen.

Startliste:
Løp: 4 Montéløp (ca. kl. 19:20)
Montéløp Varmblods. 4-12-årige høyest 300.000 kr, åpent for alle montelisenser.2100 m. Monté. Autostart.Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto V5-3 Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Magic Star D.K. Renate Aarlie 138.000 1.17,2v 1.15,8a
2100 2 Matchbar Elsie Hafskjold 216.200 1.18,6v 1.15,7a
2100 3 Giant Desert Charlotte Matre 249.054 1.15,3v 1.14,7a
2100 4 Super Victor Julie Mari Eikås 138.850 1.16,8v 1.16,3a
2100 5 Traffic Light Lene Bjånes Indrevær 220.506 1.15,2v 1.15,6a
2100 6 Takeover Ås Caroline L.B. Morken 194.623 1.16,7v 1.15,0a
2100 7 Medallion's Chief Mariann Borgen 284.050 1.16,5v 1.14,1a
2100 8 Nessaja Charlotte Steine 69.000 1.20,3v 1.16,0a
2100 9 Sandy Boy Lene Rotneim 115.600 1.17,3v 1.16,4a
2100 10 Winning Colors Stine-Beate Hjartholm 80.000 1.19,2v 1.15,8a

Kommentarer

  1. Blir spennende charlotte. Nessaja er en veldig jevn og flink montéhest. Elsie er jo kjempekoselig, blir nok hyggelig å ri en hest for henne. Jeg skal på Drammen på søndag, så knipser bilder av henne da. Skal følge ekstra godt med på Nessaja for deg. ;)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg