Løpsutstyret mitt

Eg er kanskje litt i overkant oppteken av utstyr. Sjølv om eg ikkje alltid er på toppen av resultatlista, så skal iallfall utstyret mitt sjå bra ut. Eg får mange spørsmål om kvar eg har kjøpt det eg har, så her skal de få sjå kva eg liker å ri med.

Fyrst av alt, løpssalen min. Eg har ridd med fire ulike salar i løpet av min karriere. Eg starta med ein eg ikkje hugsar namnet på, som var livsfarleg då den gjekk i oppløysing og datt frå kvarandre. Deretter gjekk eg over til Zilco sin 1,5kg-sal. Eg vann så ein Zilco 750gramssal. Begge desse salane er gode å ri i, og har god kvalitet. Då eg høyrde om StrideFree måtte eg sjekka ut desse salane òg. Eg såg fleire informasjonsfilmar, og synest det høyres bra ut med ein sal som er betre for hesten. Dermed investerte eg i ein treningssal og ein 600 grams løpssal. Salen gjev betre skulderfridom for hesten, og eg ser mindre merker på hesten etter salen når eg rir med denne, om eg samanliknar med dei andre eg har ridd med. Eg hadde tidligare ein Gibson galoppsal til trening, men denne vart eg aldri komfortabel med. For meg er det mykje betre å ri i StrideFree-salen.

Undersida av StrideFree 600gsalen. Den skiller seg frå andre salar med ein gel foam på undersida.

StrideFree 600g til venstre, Zilco 750 g til høgre.

StrideFree-salen oppå Zilco-salen. Den er litt kortare.

Treningssalen frå StrideFree.

Eg har blå ekstragjord frå Zilco. Den er tjukkare og har betre strikk enn dei andre ekstragjordane. Det beste med den er sjølvsagt fargen, som står perfekt i stil til resten.

Sjekkfestet på StrideFree-salen min røyk då eg rei ein kaldblods som var tung i hovudet, men han som produserer dei i Australia ordna opp. Så eg fekk laga ein ny sal der sjekkfestet er festa i innmaten på salen, slik at det tåler meir. Etter eg fekk den nye salen, har eg ikkje hatt problem. Eg fekk òg brodert namnet mitt på den nye salen. Det synest eg er veldig stilig. Eg bestilte salen min frå Danmark, men eg prøvde å få det til via Øvrevoll Hestesport. Ei stund etter eg hadde fått mine, byrja dei å forhandla StrideFree. Direktelink til salen der finn du her.

Salen min har blå kantfarge og namnet mitt brodert i blått.

Eg vart overlukkeleg då eg kom over den britiske sida Olvossa på Facebook. Dei har mange fargesterke produkt, og spesiallagar etter fargeønsker. Eg var rask med å leggja inn bestilling hjå dei. Eg trudde eg hadde bestilt berre dette salunderlaget, som er fin størrelse til å ha under montésalen, men det viste seg at eg hadde kjøpt ein pakke som òg inkluderte sjabrak. Så då fekk eg to for prisen av det eg trudde var ein. Tidligare rei eg med PolyPad under salen, og den har eg vore veldig nøgd med. Eg bruker den om hesten har øm rygg, eller om eg treng ekstra vekt.

Salen og underlaget.
Salunderlaget eg bruker under montésalen.

Sjabraken eg ikkje visste eg hadde bestilt.
Eg rir med vanlige stigbøylereimar frå Zilco, og stigbøylar frå Compositi med blå innlegg. Alt går i samme farge, og eg er svært nøgd med korleis det matchar saman og korleis det matchar drakta mi.
Komplett utstyr på hesteryggen.
Brystene eg brukar er laga av Fannrem Salmakerverksted. Dei er spesialsydde for å passa rundt gjorden både på sidene og under magen. Eg synest det er fantastisk å sleppa å ha vonde spenner på sidene under salen når eg rir. I tillegg kunne eg sjølv velja kor store dei skulle vera, og kva fargar eg ville ha. Eg bestilte ved å kontakta dei på Facebooksida deira. Då eg fekk brysta, skreiv eg eit eige blogginnlegg om dei, og det finn du her.

Brystene under produksjon. Biletet har eg fått av Fannrem Salmakerverksted.

Brystet på kaldblods.
Eg har to drasjekkar. Eg har prøvd Wahlsten sin, men den har ikkje stramme nok klyper, så den sklir ut undervegs om hesten er tung i hovudet. Så eg bruker den som Fannrem Salmakerverksted lagar sjølv. Den har kraftigare klyper, og held godt. Ein gong røyk spenna, då eg rei ein kaldblods som snubla og drog ned hovudet, men det var ingen problem. Eg sendte ein melding til dei for å høyra om det var noko dei hadde vore borti før, men det hadde dei ikkje, og eg fekk ein ny.

I løp rir eg enten med Wahlsten sine korte montétøylar eller med dobbelt sett med nylontøylar. Eg bruker montétøylane oftast, då dei gjer godt grep og er ekstra støtte på hestar som går litt på. Rir eg hestar som er litt late, eller iallfall ikkje er strie, vel eg gjerne doble tøylar. Dei gjev fleire reguleringsmogelegheiter, sidan dei ikkje har faste løkker. I tillegg er det mogeleg å festa eitt sett av tøylane i gapegrima, og slik kan ein få litt ekstra ut av hestar som enten er vare i munnen eller slepper bittet.

Eg har ein blå og ein svart drasjekk. Montétøylar her.
Alle som har lisens for å ri eller køyra løp, må ha godkjente draktfargar og drakt i løpa. Eg har tegna drakta mi sjølv, og er veldig nøgd med den. Tidligare hadde eg drakt i kongeblått, svart og kvitt. Sidan eg ønska meg ei drakt med kongeblått, svart og sølv for å matcha alt det andre utstyret, så vart det slik. Eg var heldig og fekk ein delvis sponsoravtale med Equum.se. Eg har montéjakke og løpsbukse til riding og kjøring derifrå. Jakka har mange gode detaljer. Blant anna tettare rundt håndleddene og halsen, slik at ikkje grus kjem inn over alt. Mi jakke er lenger bak enn framme, og har borrelås i sidene, slik at den ikkje sklir oppover når eg rir, det har dei tidligare draktene mine gjort. Elles er eg generelt nøgd med at sjølve stoffet er fint å sjå på, og den er behagelig å ha på seg. Drakta mi har òg fått eit eige blogginnlegg.

Montéjakka mi.


I løp rir eg med jodphurs-ridesko og leggchaps. Leggchapsen min har litt bling, så matcher det sølvdetaljane på drakta og det øvrige utstyret.

Løpsklærne mine. Foto: Heidi Nessa
Eg bruker ein jockeyhjelm eg har kjøpt hjå Øvrevoll Hestesport. Eg har ein hjelm frå UoF. Den sit veldig godt på hovudet, er luftig og behagelig. Grunnen til at eg rir med jockeyhjelm, er at den er sikrare dersom eg skulle vera uheldig og komma ut for eit fall. På eit kurs lærte eg at ein kan knekka nakken om ein rir med hjelm som har fast skjerm, fordi skjermen vil stoppa den naturlege rullinga. Eg kjøpte jockeyhjelm med ein gong etter kurset, og har ridd med det sidan. Minuset med dei, er at dei er stygge å sjå på. Øvrevoll Hestesport har fått laga eit hjelmtrekk til meg, slik at eg har eit som matchar drakta.
Jockeyhjelm med hjelmtrekk.
Eg brukar litt ulike typar hanskar, og har hatt hanskar frå Finn Tack, Wahlsten, TKO, Roeckl og Equum. Eg er så forfengelig i løpsbanen, at eg kjøper den modellen som har riktig farge. Eg rir alltid med hanskar, for eg føler eg har betre grep på tøylane då. Eg har dessverre ingen nærbilete av hanskane mine, men dei varierer.

Favorittbrillene mine er TKO sine, som eg fekk frå min tidligare sponsor Dyresport.no. Dei er fantastiske, har god passform og kvalitet, men det er veldig vanskelig å få tak i dei no. Dersom du veit kvar eg kan få kjøpt nye, ta kontakt med meg. Eg brukar òg den billige varianten frå Finn Tack, berre fordi det er billigare å bytta dei ut ved slitasje.

Slik ser eg ut i løp. Her rir eg i treningssalen med ein PolyPad under salen. Foto: Heidi Nessa


Denne bloggen er ikkje sponsa av nokon, men skrive på eige initiativ for å visa fram det eg har.

Kommentarer

Populære innlegg