Uplassert i Bergen

Eg var i Bergen for å køyra Kandidaten 14. oktober. Han var veldig hissig i varminga, og då eg skulle dra opp sjekken eitt hakk raste han avgarde i galopp, så eg vart litt bekymra for korleis løpet skulle gå. Eigaren bestemte at eg skulle dra ned skylappane bak startbilen, og det gjorde eg, utan at han vart noko meir startrask av den grunn. Dermed havna me sist i feltet. Hestane framme køyrde fort undervegs, så me kom aldri inn i løpet. Han var litt urein i travet, og det virka som han kunne galoppera når som helst. Eg kjente eg hadde ein del igjen på oppløpet, så då rygga eg meg bak for å få fri bane. Han speeda fint og hadde krefter spart i mål, men som eigaren sa etterpå så nyttar det ikkje på ein kjapp sprint med ein hest som tapar 40 meter frå start. Eigaren var nøgd med løpsopplegget, så då har eg ikkje lov å klaga.

Kommentarer

Populære innlegg