Spennande montéprøveløp
I morgon skal eg i tillegg til å køyra rekruttløp, ut i montéprøveløp. Eg skal få prøva meg på ryggen til Nextrem Østervang. Han har aldri vore testa i banen under sal, så det vert spennande. Eg har aldri ridd prøveløp på ein hest som står med så fin rad og nesten 1000 løpspoeng! Han har to sigrar og ein andreplass i radan sin no. Ifølgje eigaren/trenaren er han litt tråkk, men ellers snill og grei. Eg testar han litt i varminga for å finna ut om me må justera på noko for å klara kravet. Han var eigentleg meldt i eit ungdomsløp denne dagen, men det var hardt, så då valgte Lasse å heller ta han ut i prøveløp. Noko eg set stor pris på. Nextrem Østervang har nesten 180.000 kroner i grunnlag og har vunne 6 av 53 løp. Han er ein stor og flott hest, så eg gler meg til å testa han.
Dette biletet tok eg av han då han vann på Haugaland Travpark 17. juni i år.
Monté Prøveløp Alle. 2040 m. Voltestart. |
|
ALLE Volte |
Dist. | Nr | Hestens navn | Kusk | Inntjent | Volt | Auto |
---|---|---|---|---|---|---|
2040 | 1 | Lexby Girl | Silje Revheim | 136.600 | 1.17,0v | 1.14,6a |
2040 | 2 | Nextrem Østervang | Charlotte Steine | 179.200 | 1.16,5v | 1.15,4a |
Dette biletet tok eg av han då han vann på Haugaland Travpark 17. juni i år.
Spennende!
SvarSlettSer ut til å ha en god størrelse for monté ihvertfall, tvi tvi :)
Jepp, høyrte det var nokon som sa at han ikkje måtte få gå laus i skogen, i fare for at han skulle bli mistenkt for å vera elg :) Og trenaren var veldig opptatt av at eg måtte ha med lang gjord for å få den rundt, så får berre håpa at han synest det er kjekt.
SvarSlett