Eldfri i montédebut

I morgon skal eg ut i montéløp igjen. Denne gongen er det Lars Gaute Sports montéløp for kaldblods på Forus. Eg skal ri Eldfri som gjer sin debut under sal. Ho har blitt 12 år gammal og tent over 350.000 kroner i sin karriere. Ho gjekk rekord på 1.25,9 i sin siste start med galopp. Montéprøveløpet gjekk ho på Haugaland Travpark på 1.35,3. Eg har prøvd ho i banen eit par gongar, utan at ho har vist det beste. Eg håper ho tenner til når ho får hestar rundt seg, slik at me kanskje kan få oss ein premie frå vanskelege 40 meter tillegg.

Motstanden:
1. Prins Hardy: Ein flink montéhest som står med tre sigrar og eitt målfototap på sine fire travritt. Står perfekt til på strek. Ledar nok heile vegen.
2. Gosengutt: Er ein flink montéhest, men får ny rytter på ryggen her. Har fordel av å stå på strek og kan få eit fint løp, trippelaktuell om han går i trav.
3. Alva: Har gått to sprintløp under sal. Gjekk fint til 3. plass sist. Kan få rett løp her, og er i så fall trippelaktuell igjen.
4. Havtroll: Startar ikkje.
6. Nimo: Har berre ein montéstart bak seg, og det var løpet eg rei han. Då galopperte han. Kristine er tilbake på ryggen hans. Ho rei 28,0 på han i prøveløpet, og ho er god på å volta. Dei hentar nok mykje på startsida. Om han går i trav skal han kunna kjempa om ein trippelplass, sjølv frå 60 meter tillegg.
7. Komnes Judo: Gjekk prøveløp på 30,2 og debuterer i travritt her. Har ikkje hatt dei beste resultata den siste tida, men har gått sterke tider. Møter nok litt lettare motstand her, og om han likar seg under sal kan han fort kjempa om ein trippelplass, sjølv om han står langt bak.
8. Tangen Best: Han har galoppert i 3 av 5 montéstartar, men har tre premiar å vise til. Har ikkje fått uttelling i ny regi, men kanskje han har forbetra seg under sal? Er nok i første omgang ein premiekandidat.

Startliste:

Løp: 1  Montéløp   (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige.
2040 m. Tillegg 20 m for hvert vunnet 140.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Prins Hardy Malin Berås 139.000 1.29,4v 1.26,8a
2040 2 Gosengutt Siw Helen Bø 108.500 1.29,5v 1.30,8a
2060 3 Alva Lise Hjetland 213.300 1.27,3v 1.26,8a
2080 4 Havtroll Nina Therese Lervik 386.400 1.26,6v 1.26,0a
2080 5 Eldfri Charlotte Steine 351.650 1.26,5v 1.25,9a
2100 6 Nimo Kristine Kvasnes 484.350 1.26,5v 1.27,2a
2100 7 Komnes Judo Ronja Good 497.225 1.24,2v 1.24,9a
2100 8 Tangen Best Anette Veggeberg 434.729 1.25,9v 1.26,2a

Her er eit bilete frå eg rei hurtigarbeid på ho, foto: Trond Horpestad:

Kommentarer

Populære innlegg