1,2 sekund frå 3. plass

På tysdag rei eg Eldfri i eitt montéløp på Forus. Ho var betre i varminga enn ho har vore i hurtigarbeid, så eg var litt meir positiv etter varminga. Me trefte starten godt og henta ein del meter ned startsida. Då ho fekk hest på sida tok ho ekstra godt i, men ho sleppte litt når hestane kom foran ho. Det vart opna på 1.34 første 500 meterane, men auka til 1.29 første 1000 meterane. På siste bortre langsida låg me fint til som fjerdehest. Men midt på langsida kjente eg at ho byrja trøbla med travet, og datt utav det. Eg vurderte å bryta løpet, men fann ut at sidan det berre var fire hestar att burde eg prøva å bæra ho til mål. Det klarte eg, men det gjekk seinare og seinare, og det vart lenger og lenger fram til dei tre foran. Då løpet var i mål vegde eg meg, men eg var usikker på om løpet var godkjent. Reglementet seier at i løp som er frå 2000 - 2499 meter lange må hestane vera under 12 sekund bak vinnaren. Me kom i mål 13,2 sekund bak vinnaren. Sidan Nimo var diska for galopp (han var før oss i mål), hadde me fått 3. plass om ho hadde klart å fullføra 1,2 sekund raskare! Det er veldig surt å tenkja på. Men hesten er unnskyldt. Ho går utan sko og vart rett og slett sårbeint, så ho klarte ikkje springa fortare.

Eit bilete Rune Eikeland tok av oss:

Kommentarer

Populære innlegg