The Bachelor i rekruttløp

På tysdag er det rekruttløp på Forus igjen. Denne gongen har eg fått oppsitt på The Bachelor. Det er ein hest eg aldri har køyrt før. Han er ein 10 år gammal vallak, som har tent nesten 220.000 kroner i karrieren. Autorekorden på 1.14,1 sette han i juli i år. Dei siste løpa har han levert greie innsatsar, i alle fall som eg har fått med meg. Ifølgje resultatlista er han ein jamn hest som stort sett får med seg ein premie. Han har 24 trippelplasseringar på sine 72 løp, noko som vil seia at han i snitt er på trippelen i kvart tredje løp han startar. Ifølgje Hege Hansen har han klart fordel av sprintdistanse, og må ha ryggløp. Frå tredjespor bak bilen må eg berre prøva å koma ned i ein rygg og så får me køyra etter best mogeleg premie. Det vert uansett kjekt å prøva endå ein ny hest.

Motstanden:
1. Astral Projection: Har møtt god motstand etter han kom tilbake frå pause, og har gått gode tider. Sprinta 13,4 i august, og om  han gjer det no skal han rekast med vinnarsjanse. Har óg ein av dei mest rutinerte kuskane.
2. Kings Way: Galopperer mykje, men han er flink når han held seg i riktig gangart.
4. Grey Man: Forsvarar seg godt om han kjem til tet, og det køyrer nok kusken for. Han leverer dei beste innsatsane med eigaren i vogna og ho kjenner hesten. Får han teten er han langt oppe på resultatlista.
5. Pastthegate: Er ein flink hest. Har henta inn rutinert kusk frå østlandet, så det tydar nok på at kretsen har ambisjonar om å kjempa i toppen her. Har aldri gått sprint etter han kom til Norge.
6. Sundbo Kaktus: Ein hest med litt varierande prestasjonar, er nok ikkje i toppform.
7. Shocking Mystery: Går jamleg gode løp. Sprinta 13,8 i august, noko som held i dette laget her. Kusken vann 2 løp på 2 forsøk i fjor.
8. Callistoga: Hesten har ikkje vist det store den siste tida. Premiekandidat.
9. Preston: Har utvikla seg veldig, er ein flott hest å sjå på og har fin kapasitet. Kusken kjenner han frå trening, og med spor 9 er han nesten sikra fin reise. Han har vunne 5 løp i år, og dette kan fort bli hans sjette siger.
10. Nose Out: Har ikkje fått heilt uttelling etter han kom i ny regi, og har enda uplassert mange gonge. Også han sprinta på 13-talet i august, så han kan gå fort på distansen. Frå bakspor kan hesten fort få det ryggløpet han skal ha, så då er det stridsmoralen som avgjer når oppløpet kjem til syne.

Startliste:
Løp: 4    (ca. kl. 19:40)
Varmblods. 3-12-årige høyest 245.000 kr samt 3-12-årige norskfødte høyest 285.000 kr.
1600 m. Autostart.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-4     V5B-1     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Astral Projection Mats Gunnar Ringberg 256.500 1.15,1v 1.13,3a
1600 2 Kings Way Stian Øksnevad 173.600 1.16,2v 1.14,0a
1600 3 The Bachelor Charlotte Steine 218.200 1.16,7v 1.14,1a
1600 4 Grey Man Silje Jessen 176.000 1.18,6v 1.14,9a
1600 5 Pastthegate Marius Høitomt 236.471 1.15,5v 1.14,9a
1600 6 Sundbo Kaktus Morten Erga 153.600 1.16,4v 1.14,1a
1600 7 Shocking Mystery Rannveig Gudmestad 234.700 1.15,6v 1.13,8a
1600 8 Callistoga Marita Bjelland Skjæveland 175.245 1.17,4v 1.13,6a
1600 9 Preston Lars Kristian Løkken 193.639 1.15,8v 1.14,7a
1600 10 Nose Out Henning N. Horpestad 226.159 1.15,1v 1.11,8a

Dette biletet tok eg av han då han starta på Forus 12. juni i år:

Kommentarer

Populære innlegg