4. plass med The Bachelor

9. oktober køyrde eg ungdomsløp med The Bachelor på Forus. Det var ein kjekk kar, litt ukonsentrert og vinglete i varminga, men veldig regulerbar og fin undervegs i løpet. Bak startbilen tok han veldig tak i det sjølv og tok avgarde då bilen slapp, men eg såg at ekvipasjar både på utsida og innsida køyrde for tet, så eg tok opp og gjekk ned i tredje innvendig. Det vart til fjerde innvendig. Han kjendes veldig sprek og fin ut heile vegen. På siste langsida virka det som hestane foran oss var trøytte, så då anledningen til å køyra ut i andrespor kom, svinga eg ut. Det skulle eg nok ikkje ha gjort, for då skjente han litt utover og me tapte mykje på det. Hadde eg hatt posisjonen eg hadde, så hadde me nok vore lenger oppe på resultatlista. Heldigvis redda hesten mine feil og speeda godt ned oppløpet, slik at me klarte å få ein finfin 4. plass på 1.15,4. Han gjorde ein flott innsats, og dei som kom med hesten var nøgde.

Eit par bilete Rune Eikeland tok av oss:
 

Kommentarer

Populære innlegg