Nextrem Østervang godkjent

9. oktober rei eg prøveløp på Nexterm Østervang. Han var veldig rolig og fin i varminga, eg rei berre rolig, men testa han litt rundt ein sving. Travet fløyt fint og han kjendes fin ut. I prøveløpet var han litt treig å gå i gang, men han tok tak i det då han såg den andre hesten. Me låg fyrst heile prøveløpet. Første 500 meter passerte me på 1.27, første 1000 meter på 1.24,1 og første 1450 meter på 1.23,4. Han var lat undervegs, men reagerte på smatting. Då han høyrte den andre hesten inn på siste svingen tok han tak i det sjølv og gjekk fint til mål. Me kom i mål på tida 1.22,4. Lasse (trenar og deleigar) var strålande nøgd med prøveløpet, og syntes han såg fin ut. Eg trur dette kan bli ein flott hest i monté. Han kjempar nok godt og har meir fart inne om han får selskap.

Nokre bilete Rune Eikeland tok av oss i prøveløpet:



Kommentarer

Populære innlegg