Rekruttløp i Bergen

På søndag skal eg til Bergen. Me skal opp med stallhesten Petra K., så då fekk eg meg eit oppsitt i ungdomsløpet i tillegg. Denne gongen skal eg prøva meg bak rumpa til Kandidaten. Han har eg aldri køyrt før. Han gjekk ny rekord sist han var ute på sprint, med galopp, så det er vel kanskje eit bevis på at formen ikkje er så verst. Løpet er for hestar med grunnlag under 415.000 kroner, og berre to av hestane har tent meir enn han har gjort sjølv. Totalt har han starta 83 gongar i karrieren, og det har resultert i fine 9 sigrar og 28 trippelplasseringar. Han har faktisk aldri hatt kvinneleg kusk i løp. Me står vanskelig til i spor 7 bak bilen, så me får berre gjera det beste ut av det. Eg veit ikkje om han er startrask, men me får prøva å finna ein grei posisjon undervegs og køyra etter best mogeleg premie.

Motstanden:
1. Todina: Hesten er flink og går stort sett alltid gode løp. Har ein av dei dyktigaste kuskane, og godt startspor. Er nok ein ekvipasje med vinnarsjanse.
2. Nøkle Per: Er startrask og kan få teten her. Har ikkje dei beste resultata i det siste, men om lysten er på plass kan han leda lenge.
3. Skarstad Pia: Har levert fleire gode løp den siste tida. Kusken er urutinert, men har fint spor slik at løpsopplegget fort kan bli riktig.
4. Vertigo Faks: Han har gått mange gode løp på rad, men eg litt vanskeleg å køyra. Kusken kjenner hesten frå trening, og det er nok ein fordel. Kan kjempa om ein trippelplass om det løyser seg.
5. Haukeli Nora: Er ei flink hoppe med litt variable prestasjonar. Ho er god nok til å kjempa i toppen om ho har rett dag.
6. Maximus: Har ikkje hatt dei beste resultata den siste tida. Premiekandidat.
8. Bua Elden: Dei siste løpa har han henta seg nokre premiar, og gjer nok det her óg.
9. Solbakkens Knut: Var tilbake på riktig spor i sin siste start, men galopperte seg bort i dei to løpa før det. Han står fint til og har kapasitet til å vera langt framme feilfritt.
10. Mos Eld: Har vore ein premiejegar dei siste løpa, og jaktar ny premie her.
11. Schutora: Står med tre løp på rad utan premie, men er ikkje så verst når ho er i form. Jaktar premie her.
12. Kap Viktoria: Har gått gode løp den siste tida og ventar på sigeren. Står vanskeleg til, men har nok den beste kusken. Om det løyser seg vert eg ikkje overraska om ho kryssar mållina fyrst.

Startliste:
Løp: 4    (ca. kl. 18:45)
Kaldblods. 3-15-årige høyest 415.000 kr.
1600 m. Autostart.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Auto V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Todina Tina Storetvedt 200.500 1.26,7v 1.27,8a
1600 2 Nøkle Per Ingrid Helland Olsen 276.000 1.28,1v 1.26,4a
1600 3 Skarstad Pia Joakim Rasmussen 259.642 1.26,9v 1.26,8a
1600 4 Vertigo Faks Victoria Steine 209.500 1.29,2v 1.27,1a
1600 5 Haukeli Nora Martin Opheim Gløersen 366.000 1.27,7v 1.27,4a
1600 6 Maximus Lars Kristiansen 294.600 1.28,5v 1.27,3a
1600 7 Kandidaten Charlotte Steine 324.750 1.27,6v 1.26,9a
1600 8 Bua Elden Linda Elisabeth Larsen 322.527 1.27,2v 1.26,4a
1600 9 Solbakkens Knut Stian Øksnevad 217.000 1.27,8v 1.27,0a
1600 10 Mos Eld Susanne Evensen Rasmussen 144.500 1.29,0v 1.28,3a
1600 11 Schutora Lene Bjånes Indrevær 372.000 1.26,7v 1.26,2a
1600 12 Kap Viktoria Kristine Kvasnes 288.500 1.27,0v 1.26,1a

Dette biletet tok eg av Kandidaten då han var ute i montéprøveløp tidlegare i sommar:

Kommentarer

Populære innlegg