Andre NM-løp: Sancus Cox

I det andre løpet mitt, skal eg prøva meg på ryggen til Sancus Cox. Han har gått åtte montéløp i karrieren, og har blitt diska i fem av dei. I tillegg har han galoppert i ytterligare eitt montéløp. Han har trava 18,6 i eitt av dei to feilfrie løpa han har gått. Sancus Cox bytta eigar i mai, og har blitt ridd mykje i trening etter det. Han har vore litt tråkk i dei to første løpa han gjekk for ho, men ho trudde årsaka var dårlig høy og allergi. Eigaren trur han er best om han er med framme, så då passa det fint med tredjespor. Hesten er stor og sterk, og eigaren vil heller ha dødens enn havna i baktroppen undervegs. Me får prøva å vera med litt frå start, slik at me er med der framme. Han har ikkje vist det store i monté tidligare, men fungerte fint i eit hurtigarbeid tysdag. Målet må bli å ri feilfritt, og prøva å få med oss best mogeleg premie.

Motstanden:
1. Cromwells Shadow: Er ein rutinert montéhest. Han går stort sett alltid fine montéløp, og er ofte topp fire, men møter kanskje litt for gode hestar her. Kan vere blant dei 4-5 beste.
2. Tib Tinto: Ein god hest i travritt. Har vore på trippelen i 13 av 20 montéløp, deriblant fem sigrar. Han er ein av fleire som kjemper i toppen her.
4. S.M.K. Smashing: Starta montékarrieren med tre strake sigrar. Har vore på trippelen ytterligare 3 av 4 løp etter det. Både hesten og rytteren er gode, så dei skal reknast med vinnarsjanse.
5: WallStreet Temple: Har gått mange montéløp, og vann fleire løp i 2015. No har han ikkje starta på eitt år, så det er umogeleg å vurdera formen til hesten. Ut i frå dei siste resultata før pausen, ser det ut som han er på premiejakt.
6. Camillo Neo: Eg veit dei hadde ambisjonar med han i travritt då han stod i Bergen, men han har berre starta monté ein gong. Då fekk han 3.plass på ein supersprint. Eg synest han er spennande, og trur han er trippelaktuell.
7. Next Game: Er ein av dei beste montéhestane i feltet med 4 sigrar og 7 trippelplasseringar på sine 10 montéløp så langt. Amanda rir hesten fast og kjenner han godt. Dei er med i seierskampen her.
8. Beak's Mr. Toby: Har ikkje vist det heilt store i monté så langt. Fekk 3.plass sist han gjekk travritt, men møter sannsynligvis for gode hestar her.
9. Baronesse Hooves: Har eg kjørt i travløp, og etter det var eg sikker på at ho kom til å bli ein bra montéhest. Eg reknar med ho har fått ein del ridetrening hos Renate, så eg antar ho er betre no enn ho var i det løpet ho gjekk på Forus. I sin siste montéstart galopperte ho seg vekk tidlig. Ho har fått gode sulkyløp i det siste, og rytteren er god, så kanskje ho kan vera ein luring her.
10. Babycat: Galopperte seg vekk i montédebuten, men har fått to andre og ein seier etter det. Går gode tider under sal, men står langt ute bak bilen sidan han har mest grunnlag. Likevel ein av fleire som kjemper om trippelplassane her.

Startliste:

Løp: 2  NM FOR MONTÉRYTTERE  (ca. kl. 14:10)
MONTÉLØP - NM FOR MONTÉRYTTERE
- DELINGSLØP - SPORTRAPP / GRUNNLAG
For 4-12-årige 75.000 - 375.000 kr.
, for ryttere som er kvalifisert (se deltakere i Løpsbulletinen på side 52).
2100 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Samt 2 000 kr. til alle som fullfører. Hestene deles i to (2) løp etter grunnlag.
Hestene starter i grunnlagsrekkefølge. Laveste grunnlag i spor 1, videre fordeling: 2,3,4,5,6,7,8,9,10. Sportildeling etter starterklæring.
I denne proposisjonen unntas det fra bestemmelsene for kjøre- og riderettighet.
Varmblods      Auto V5-1     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Cromwells Shadow Benedicte Bjørnstad 225.000 1.15,4v 1.14,2a
2100 2 Tib Tinto Anita Valstad Hagmann 246.000 1.17,5v 1.14,6a
2100 3 Sancus Cox Charlotte Svendsen 287.254 1.15,9v 1.14,3a
2100 4 S.M.K. Smashing Siv Emilie Løvvold 288.496 1.15,4v 1.13,5a
2100 5 WallStreet Temple Hilde Rogstad 293.674 1.15,9v 1.14,5a
2100 6 Camillo Neo Johanne Ulrica Øveraasen 293.922 1.14,4v 1.13,2a
2100 7 Next Game Amanda Robertsen 299.733 1.17,9v 1.13,1a
2100 8 Beak's Mr. Toby Maja Kanstad 338.925 1.15,8v 1.13,0a
2100 9 Baronesse Hooves Kristine Kvasnes 354.474 1.14,0v 1.11,9a
2100 10 Babycat Hege Kristin Høyland 354.486 1.14,4v 1.14,0a

Kommentarer

Populære innlegg