Klar for Noregsmeisterskap i monté!

Lørdag 10.august vert ein svært spennande dag. Då tek eg turen til Drammen Travbane, der eg skal ri mitt andre Noregsmeisterskap i karrieren. Eg har hatt som mål å få ri NM igjen, sidan eg deltok i 2011. Den gongen var eg litt uheldig i trekninga, og endte sist. Det var likevel ei stor oppleving, og artig å delta. For ein månad sidan fekk eg beskjed om at Forusrepresentanten måtte melda fråfall, og eg fekk tilbod om å ri NM. Det kan eg ikkje seia nei til! 

Eg har jobba hardt for å få tilbake lisensen, etter eg mista den, sidan eg ikkje klarte dei fysiske testane på grunn av ein muskelskade under min fyrste graviditet. Etter eg fekk att lisensen har eg hatt fokus på å vera godt førebudd til alle løpa, vinna løp igjen og målet har vore NM igjen. Eg gler meg som ein liten unge. For meg er det stor stas å få ri løp, og ekstra artig å ha sjansen til å ri fleire løp på ein dag. Eg håper eg er heldig i trekninga av hestar. Det er mange dyktige rytterar, og rytteren har sjølvsagt mykje å seia, men til sist er hesten det viktigaste i monté. Så eg krysser det eg kan for å få spennande hestar å prøva meg på.

Det er rutinerte jenter eg skal konkurrera mot. 


Siv Emilie Løvvold er tittelforsvarar, og ho er kanskje den beste rytteren i Noreg. Ho er råsterk, og flink til å få hestane til å yta. Frå Bergen kjem Hege Kristin Høyland. Ho har imponert meg mange gonger, for ho får fart på hestar eg ikkje hadde venta det av. Ho rir smart, og gjer det bra. Benedicte Bjørnstad er den rytteren eg kjenner minst til. Ho representerer Harstad, og har premie i dei fleste montéløpa ho har ridd. I tillegg har ho vunne løp i 4 av 5 sesonger ho har ridd løp. Hilde Rogstad rir som Leangen sin representant. Ho vann tre av løpa sine med sin eigen hest på Forus i fjor, men flytta tilbake til Trøndelag og vann eitt løp på Leangen òg. Hilde er ei sprudlande jente som virkelig koser seg på hesteryggen.

Resten av representantane er henta frå landsstatistikken. Kristine Kvasnes rir ikkje like mykje som ho gjorde før, men ho er overlegen på å få fart på hestane og på taktikk. Ho er òg veldig god på volte, sidan ho kjører så mykje løp i tillegg til ridinga. Kristine er jordnær og dyktig. Dessuten er ho den einaste eg kjenner til som rir med eitt enkelt sett med vanlige tøylar i monté. Maja Kanstad starta karrieren i Harstad, med mange gode resultat. Det gjekk litt tråare etter ho flytta til østlandet, men i fjor var ho tilbake med mange gode resultat og fine sigrar. Eg synest ho disponerer hestane godt. Helene Kolle rei seg fort inn i toppen. Ho rir mange gode hestar, men ho klarer ofte å sette dei inn som vinnarar òg. Eg har fulgt med på ho, og synest ho heile tida er i utvikling. Ho får nok mykje rettleiing frå sin travinteresserte familie, men det viser igjen på resultata. 65 sigrar på 320 løp er imponerande. 156 trippelplassar i karrieren, det er nesten 50%! Ho er ikkje blitt 20 år ein gong.

Johanne Ulrica Øveraasen har vore med lenge. Ho rei sitt fyrste løp i 2000, og har vunnet løp kvart einaste år sidan 2003. Ho er veldig flink til å vurdera hestane, og bruka dei på riktig måte. Noko som ofte resulterer i gode resultat og mange sigrar. Amanda Robertsen starta karrieren på Leangen. Ho både rir og kjører med gode resultat. Eg synest ofte ho gjer det godt med hestar som ikkje alltid er av dei mest betrudde. Ho er veldig flink å visa at det betyr noko når ho vinn, og det synest eg er artig å sjå på. Anita Valstad Hagmann hadde eg ikkje lagt noko særlig merke til før i fjor, men då hadde ho ein veldig god sesong med heile 18 sigrar. Halvparten av dei var i travritt. Ho er ei rolig og dyktig dame, som veit kvar målstreken er. Josefine Eilertsen har mykje rutine sidan ho både køyrer og rir. Ho har vore jamn i heile karrieren og lagt på 6-8 sigrar per år. I fjor hadde ho 14, fire av dei i monté. Martine O. Sørvik er alltid blid, og har vunnet med mange ulike hestar. I tillegg til å ri og kjøra, er ho òg travtrenar. Dette er ei jente med mot, som kom seg til NM igjen etter at ho ikkje fekk vera med i fjor, på grunn av manglande testar i tide. Malin Berås har vore med lenge, men trappa litt ned dei siste åra. Likevel gjer ho det fortsatt så bra at ho kvalifiserer seg til NM gong på gong. Ho tok nylig sin siger nummer 100, og stiller alltid godt førebudd til løp. Louise Vebostad Trudvang er ein underdog i mine auger. Ho har imponert meg fordi ho ofte får gode resultat med lite betrudde hestar. Ho er ikkje den me høyrer mest om, men ho har gode resultat. 

Saman med alle desse dyktige damene skal eg konkurrera. Og det blir veldig artig! Eg håper det vert meldt mange fine hestar, slik at det blir jevne og morosame løp å sjå på.

Kommentarer

Populære innlegg