Damenes dag med Lady

Frå løpet 3.mai. Foto: Charlotte Svendsen
Onsdag 21. august er det damenes dag på Forus. Då er det to rekruttløp, som er opne for damekusker med færre enn 40 sulkysigrer i karrieren. Dette er ein artig dag, med flotte premiar til vinnarane. Eg har fått sjansen i vogna bak Maksi Lady. Det passer jo fint sidan det er damenes dag.

Maksi Lady er ei hoppe etter Thai Tanic, som så langt har tjent 89.000 kroner i karrieren. På sine 27 startar i karrieren har ho tatt 2 sigrar og vore på trippelen 11 gonger. I sommar har ho hatt løpsfri i tre månader. Ho har galoppert ein del, men har stort sett vore på trippelen i sine feilfrie løp. Ho starta 14. august etter den lange pausen, men også det enda i galopp. Målet må vera å få ho feilfritt rundt.  Det er mange gode hestar i feltet, og fleire vinnarkandidatar.

Motstanden: 
1. Zolan Omh: Vann nest sist, og gjekk godt til tredje sist. Ein fin hest som ofte er å finna på trippelen.
2. Libeccio Sun: Har sikta på dette løpet ei stund, men har vel ikkje heilt toppform.
3. Hjelle Revenue: Imponerer meg gong på gong. Malin kjører offensivt, men har god nok hest til å gjera det. Dei har vunnet 4 av 13 løp, og kan fort vinna igjen her.
4. N.Y. Royal Flush: Har vunnet 3 av 9 løp så langt. Ei flott hoppe, som kan vera litt vrien i oppkjøringa bak bilen. Ida kjenner ho nok frå trening, så det går sikkert fint. Ein av fleire som kjemper i toppen her.
6. Bonarda J.T.: Går jamnt gode løp, og får nesten alltid premie. Med rette opplegget er ho ein av fleire som kan dukka opp på trippelen.
7. Emma Frost: Har gjort det meste rett etter ho kom ut i ny regi. Fire trippelplasseringer på fire forsøk. Fortjener å få ein siger no, kanskje den kan komma her?
8. Judd Trump: Står vanskelig til ytterst bak bilen, men det er eit lite felt. Premie er nok uansett målet.


Startliste:
Løp: 8  MAKSI DISTRIBUSJON - LØPET (REKRUTTSERIEN - DAMELØP)  (ca. kl. 21:12)
REKRUTTSERIEN - DAMELØP
For 3-12-årige høyest 100.000 kr.
2040 m. Autostart.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Kaffeservise til kusk, travsele til eier. Gavepremier til oppasser. Åpent for kusker med rekrutt- eller amatørlisens, født 1994 eller senere med mindre enn 51 kuskeseire pr 31.12.18, samt kusker med stallmannslisens med mindre enn 20 kuskeseiere pr 31.12.18 uavhengig av alder. Åpent for kusker med lisenstilhørlighet til F/ST/BT. Også åpent for ALLE kvinnelige kusker med max 40 seiere (kjørte løp) ved innmeldingsfristens utløp.
Varmblods      Auto V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Zolan Omh Thomas Sverre Karlsen 60.000 1.16,9v 1.15,6a
2040 2 Libeccio Sun Brit Lea 97.500 1.17,6v 1.15,8a
2040 3 Hjelle Revenue Malin C. Stokke 91.500 1.19,0v 1.14,9a
2040 4 N.Y. Royal Flush Ida Skjæveland 66.000 1.18,4v 1.14,9a
2040 5 Maksi Lady Charlotte Svendsen 89.000 1.17,6v 1.15,0a
2040 6 Bonarda J.T. Bjørn Steine 77.000 1.17,5v 1.15,2a
2040 7 Emma Frost Tord R. Salte 68.500 1.16,7v 1.14,2a
2040 8 Judd Trump Stine Birkeland 92.177 1.15,1v 1.14,5a

Kommentarer

Populære innlegg