Avsluttar NM med Rasken

Foto: Trond Pedersen/Hestegalleriet.no
Rasken Q.C. er mitt tredje oppsitt for dagen. Han har aldri starta monté før, og har heller aldri vore prøvd under sal. Så langt har han tjent nesten 170.000 kroner i karrieren, og rekorden hans er på 13,0aK.

Eigaren fortel at han er ein spesiell krabat, som kan bli ganske dum i banen med vogn. Det er han òg heime i trening, men der er han rolig under sal. I det siste har han blitt svømmetrent, noko som har gjort han godt ifølgje eigaren. Det har gitt han meir musklar bak, og han har fått brukt seg på ein ny måte.

I travløp har det blitt ein del galopp, men eigaren håper at han ikkje gjer det når han får sal på ryggen. Rasken Q.C. skal vera ein startrask type, og eigaren trur han kan kjempa om ein trippelplass her i feilfri utgåve. Eg trivs med desse litt spesielle hestane, så eg håper me har god kjemi og at eg klarer å tøyla han rundt på ein fin måte. Det vert uansett veldig spennande å få prøva.

Eg synest dette er eit ganske åpent løp. Det er ikkje nokon som skiller seg veldig ut, men dei fleste går rundt 1.17 med sal på ryggen, så då har det nok litt med dagsform og posisjonar å gjera kven som får nasa fyrst i mål.

Motstanden:
1. Thai Magic: Starta montékarrieren med andreplass på 17,6. Har minst grunnlag her, og er litt avhengig av at det løyser seg undervegs frå førstesporet, dersom han blir overflydd. Likevel ein av dei som kan kjempa om trippelplassane her.
2. Credit Rolls: Har starta fem gonger under sal, og vore på trippelen i to av dei. Har trava 17,0 i monté, og det kan halda til ein trippelplass.
3. C.C. Dobilas: Har ein tredje- og fjerdeplass frå montéløp i Sverige, men berre ein sjetteplass på dei tre montéløpa i Noreg. Helene Kolle er dyktig, men det er vel kanskje best mogeleg premie som gjeld her.
4. Onassis M.R.: Har ein første og ein andre på fire travritt. Hadde fin form i vår, men ikkje dei same sulkyresultata i det siste, sjølv om løpstidene har vore betre no. Trur uansett han er ein av dei som kjemper om trippelplassane her.
6. Elvis Ruda: Har ein fjerdeplass som resultat frå sitt første montéløp. Han tapta blant anna for Nashville Yankee og Tib Tinto der. I det løpet trava han 16,3, og skiller seg litt ut tidsmessig med det, så eg trur det skal halda eit stykke her.
7. Fighter Filiokus: Har starta 14 montéløp utan å vinna, men fire trippelplasseringar har han fått med seg. Har ikkje gått raskare enn 17,7 under sal, men det kan vera nok til å få ein ny trippelplass.
8. Kramer Ås: Har gått åtte montéløp i karrieren, med ein tredjeplass på 17,8 som beste resultat. Han har òg galoppert ein del, så best mogeleg premie er vel mest realistisk her.
9. C.C. Siri: Har fått med seg ein andreplass på sine ti montéstartar, og nokre premiar utanom. Ut frå resultatlista, ser det ut som best mogeleg premie er målet her òg.
10. Lonely Warrior: Vann det første montéløpet han starta på Forus, men har to uplasserte med rytter på ryggen etter det. Står langt ute bak bilen, fordi han har mest grunnlag i løpet. Det er ein av to hestar i feltet som har vunnet travritt.

Startliste:

Løp: 3  NM FOR MONTÉRYTTERE  (ca. kl. 14:30)
MONTÉLØP - NM FOR MONTÉRYTTERE
- DELINGSLØP - SPORTRAPP / GRUNNLAG
For 4-12-årige 75.000 - 375.000 kr.
, for ryttere som er kvalifisert (se deltakere i Løpsbulletinen på side 52).
2100 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Samt 2 000 kr. til alle som fullfører. Hestene deles i to (2) løp etter grunnlag.
Hestene starter i grunnlagsrekkefølge. Laveste grunnlag i spor 1, videre fordeling: 2,3,4,5,6,7,8,9,10. Sportildeling etter starterklæring.
I denne proposisjonen unntas det fra bestemmelsene for kjøre- og riderettighet.
Varmblods      Auto V5-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Thai Magic Hilde Rogstad 90.000 1.18,0v 1.14,9a
2100 2 Credit Rolls Louise Vebostad Trudvang 106.474 1.19,8v 1.14,4a
2100 3 C.C. Dobilas Helene Kolle 140.702 1.15,5v 1.15,1a
2100 4 Onassis M.R. Benedicte Bjørnstad 152.491 1.18,7v 1.13,8a
2100 5 Rasken Q.C. Charlotte Svendsen 168.403 1.16,4v 1.13,0a
2100 6 Elvis Ruda Josefine Eilertsen 196.854 1.16,9v 1.14,1a
2100 7 Fighter Filiokus Malin Berås 202.915 1.15,5v 1.14,3a
2100 8 Kramer Ås Hege Kristin Høyland 213.713 1.14,2v 1.14,7a
2100 9 C.C. Siri Martine O. Sørvik 214.428 1.16,0v 1.13,7a
2100 10 Lonely Warrior Maja Kanstad 218.000 1.16,5v 1.13,7a

Kommentarer

Populære innlegg