Endelig kaldblodsløp på Forus!

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
Etter lang tid utan kaldblodsmonté på Forus, var det veldig artig at me endelig klarte å få til eit felt igjen. Sjølv om det kun er 7 hestar til start, så er det iallfall blitt løp igjen. Det gledelige er at det er tre nye hestar som skal prøva seg, noko som gjer det litt ekstra spennande.

Eg har sett fram til å setja meg på ryggen til Solberg Jela igjen. Etter eit NM som mildt sagt gjekk elendig, hadde det vore flott med eit oppsitt på ein hest eg kjenner. Formen har ikkje vore på topp sidan eg vart kasta av på lørdag, og eg måtte bita i det sure eplet å gå til legen. Han konkluderte med at det sannsynligvis er hjernerystelse, så då blir det ro og kvile endå nokre dagar på meg. Dermed får Hege Kristin Høyland sjansen på ryggen hennar igjen.

Eg har ikkje ridd Solberg Jela sidan me vann i oktober, men Hege var ute med ho i Rappfots Æresløp i Bergen. Der var dei eigentleg fint med, men var uheldige og havna bak to trøytte konkurrentar i siste sving og vart sitjande fast bak dei.

Alle dei tre montéløpa Solberg Jela har gått så langt har vore over sprintdistanse, så det blir fyrste gongen over mellomdistanse. Sist eg rei ho, kjendes det ut som ho fint kunne gått ein halv runde til, så eg trur eigentleg ikkje distansen skal by på store problem. Ho har gått 1.25 på distansen med vogn fleire gonger, så det er ikkje utenkelig at ho kan det med sal på ryggen òg. Eg liker ho godt, og meiner ho skal vera ein av dei med trippelsjanse her, sjølv frå 60 meter tillegg. Klarer ho å halda eit jamnt, høgt tempo undervegs, vert det vanskeligare for dei bak.

Motstanden:
1. W.J. Elvis: Montédebutant som kjem ut i ny regi. Gjengen bak han veit kva som skal til for å få hestane bra i monté, så eg vert ikkje overraska om han er bra allereie fyrste gongen ut. Tonje fortel at ho har testa han i banen, og at han har gått 1.35 i eit rutineløp under sal. Han har fått ridetrening heime, og det virker som han går betre med sal enn med vogn. Ho er spent på kor lenge han klarer halde unna for dei betre konkurrentane, om han sjølv held seg i trav.
2. Talent Ø.K.: Nok ein montédebutant. Han galopperer mykje med vogn, men er kanskje betre under sal? Stine Lode fortel at ho ikkje har testa hesten, men at ho er blitt fortalt at han er fin under sal heime og at dei slit med å få han over i galopp i trening. Likevel er feilfritt målet.
3. Gjerde Tora: Har ikkje vist så god form i sulkyløp, og kjem ut med sal på ryggen for fyrste gong. Jakter nok premie første gong ut i monté. Alice Eriksen har testa ho under sal, og synest ho fungerer fint. Ho fortel at hoppa er sterk og uthaldande, og ser for seg at ho er trippelaktuell. Gjerde Tora er mykje ridetrent, og frir seg betre under sal enn med vogn.  
4. Spik Lotta: Har gått nokre fine montéløp. Eg har ridd ho ein gong, og ho er fin å ri på, men ho skulle nok helst hatt sprintløp. Står eigentleg fint til, men eg trur konkurrentane som kjem bak er for gode, sjølv om dei skal henta tillegg på ho.
6. Tomeld Ø.K.: Er den klart beste montéhesten i feltet. Han har vunnet mange gonger med Caroline på ryggen. Synest han skal reknast med vinnarsjanse, sjølv frå 100 meter tillegg! På distansen har han trava 23,9, og om han gjer det igjen så er det ikkje så mange som kan stoppa han.
7. Bacchus Ø.K.: Er jamn og flink, og går nesten alltid gode montéløp. Han har hatt ein strålande sesong med 6 sigrar på 20 startar. Han pleier å stå 20 meter foran Tomeld Ø.K., og har tapt for Tomeld i nesten alle løpa dei har starta frå same distanse. Likevel ein opplagt trippelkandidat.

Startliste:

Løp: 1  G. JERKENS MONTÉLØP - SKJØNNSMESSIG HANDICAP  (ca. kl. 18:55)
SKJØNNSMESSIG HANDICAP - MONTÉLØP
For alle 5-15-årige.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 100.001 kr., 40 m. ved 200.001 kr., 60 m. ved 425.001 kr., 100 m. ved 800.001 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Hestene blir plassert skjønnsmessig etter innmelding. Etterinnmeldinger tillates ikke. Strykningsgebyr gis ikke.
Kaldblods      Volte V65-1     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 W.J. Elvis Tonje Gudmestad 80.500 1.32,0v 1.32,7a
2040 2 Talent Ø.K. Stine Lode 68.000 1.31,2v 1.32,4a
2060 3 Gjerde Tora Beate Barka 173.000 1.28,5v 1.26,8a
2080 4 Spik Lotta Synne Høitomt 405.671 1.25,8v 1.25,1a
2100 5 Solberg Jela Hege Kristin Høyland 638.000 1.24,1v 1.25,3a
2140 6 Tomeld Ø.K. Caroline L.B. Morken 1.154.055 1.22,7v 1.21,2a
2140 7 Bacchus Ø.K. Inga Lamvik 900.000 1.24,0v 1.23,7a

Kommentarer

Populære innlegg