Rappfots Æresløp 2019!

Bjørn i Rappfots Æresløp 2016.
Endeleg er det klart for årets høgdepunkt, Rappfots Æresløp! Løpet har blitt ridd sidan 2001, og er blitt eit kjært løp for oss som er glade i montésporten. For meg som montérytter er det virkelig stas å få lov å ri løpet. Eg har ridd løpet fleire gonger før, men dessverre aldri vore i toppen. Dette løpet er eit av få montéløp som får ta del i det kjære V75-spelet, så det gjer at det er ekstra stas å delta.

Rappfots Æresløp har fantastiske premiar. I tillegg til sigersdekken og laurbærkrans får eigaren og rytteren til vinnarhesten kvar sin sølvpokal. Alle hestane får defileringsdekken, og alle rytterane får ulltrøye sponsa av Janus. Vinnarrytteren får i tillegg jakke og bukse frå Janus, og ein ekstra premie frå Travparken Hesteutstyr.

I år skal eg prøva meg på ryggen til ein hest eg har sikla på å få ri i mange år, nemleg millionæren og avlshingsten Vertigo Bjørn. Det er min far som eig han. Begge søstrene mine har ridd han i løp, bror min og far min har kjørt han i løp, så i dette løpet blir han historisk. Dette er den fyrste hesten me har konkurrert med alle fem. Eg kan ikkje tenkja meg at det er så mange hestar som har den bragden på merittlista.

Vertigo Bjørn har gjort det meste riktig i karrieren sin. Han har vore med dei beste, og gjort det bra i mange år. Til no har han starta 255 løp i karrieren, og har vore på trippelen heile 103 gongar! Han har gått 29 montéløp, og av dei har han vunnet to løp og vore 13 av dei på trippelen, så han har vist at han kan. Eg håper virkelig at eg får fart på han, for det er me avhengig av frå 60 meter tillegg på ein sprint. Me har løpesnor på tillegget vårt, så det må me prøva å utnytta og ha full fart frå start slik at me kan henta inn mange av metrane der. Det er ein sjelden sjanse for meg å få ri ein slik hest, så eg kunne ikkje la sjansen gå frå meg. Eg gler meg verkeleg til å stilla på startstreken, sjølv om det ikkje er realistisk å håpa på meir enn ein premie i dette laget.

Det er gode montéhestar som skal kjempa i årets Rappfot-løp. Eg har sett litt på statistikken. Det har blitt ridd 18 Rappfots Æresløp over sprintdistanse. Fire gonger har vinnaren stått på strek, fem gonger har vinnaren hatt 20 meter tillegg, seks gonger med 40 meter tillegg og to gonger har vinnaren starta frå 60 meter tillegg. Eg trur dette blir eit artig løp å sjå på, og det blir endå artigare for oss som er så heldige at me får ri. Eg gler meg!

Motstanden: 
1. Eldvina: Har gått 27,9 over mellomdistanse under sal, men ikkje vunnet montéløp endå. Dersom ho kan endå litt raskare på sprint, og dei treffer starten godt så kan ho leda ei stund, men eg trur ho blir innhenta av dei beste som kjem frå tillegg.
2. Kolnes Brit: Har ikkje noko særleg å visa til av montéresultat. Ho har berre starta eitt løp som enda med galopp, i tillegg til to prøveløp. Galopperer òg ein del i travløp, men ho har likevel tatt to sigrar i år. Eg trur uansett at målet er feilfritt og premie her.
3. Hr. Ford: Vann kvalifisering til Rappfot på Biri. Har gått 1.29 i dei to montéløpa sine, og har vunnet 11 travløp i karrieren. Sjølv om han kjem med fersk siger, trur eg han er ein premiekandidat i dette feltet.
4. Spik Lotta: Har fått to løp i kroppen etter litt pause no. Eg rei ho i hennar siste montéløp, men ho hadde ikkje farten til konkurrentane då. Ho har klar fordel av sprint, men ho jaktar ein premie her.
5. Hugo: Går nesten berre montéløp. Han har så langt starta 32 løp innen den greina, med trippelplassering som resultat halvparten av løpa. Han har gått 1.25 på sprint under sal, og er ein flink montéhest. Trippelkandidat.
6. Hage Jerven: Den einaste montédebutanten i feltet. Caroline Morken har testa han under sal, og ho fortel at han kjendes grei ut. Det er ein travsikker, enkel type, og det virkar som han har travet for å gå monté fortel ho. Ho hadde 1.25-fart på oppløpet då ho testa. Han har vist flott form i sulky, og er ein god hest. God rytter, så eg ser for meg at han kan kjempa om trippelplass allereie i debuten.
7. Super Gullet: Er jamn og flink i monté, og står fint til grunnlagsmessig. Han har vist fin form og er kapabel til å kjempa om ein trippelplass.
8. Solberg Jela: Skal ha Hege Kristin Høyland på ryggen denne gongen. Eg har ridd ho i dei to montéløpa ho har gått. Ho er veldig fin å ri, og vann på ein fin måte sist eg rei ho. Ho har gått 1.26 i begge montéstartane sine, men hadde meir å gå på då eg vann med ho sist. Eg skulle gjerne ridd ho sjølv, for eg trur ho kan vera med i øvste del av resultatlista om ho får løpet sitt, sjølv om ho står dumt til grunnlagsmessig.
9. Jærvinn S.K.: Strøket.
10. Bacchus Ø.K.: Har strålande form, og står med tre strake sigrar. Han er god i monté, og er ein av dei som kjemper om sigeren feilfritt.
11. Troll Svenn: Montéslager, som for det meste vinn når han konkurrerer med sal. Fekk eit perfekt startspor, og er sannsynligvis fort over hestane framme. 27 montéstartar har resultert i heile 17 sigrar. Han har galoppert seg vekk fire gonger i travritt. Det er fort vinnaren her, om han held seg til rett gangart.
12. Kvikk Tojo: Vann løpet i fjor, men stod 20 meter betre inne då. No har han fått bakspor på tillegget sitt, noko som gjer det litt vanskeligare. Likevel synest eg han er ein av dei med trippelsjanse i løpet, for han går alltid godt i montéløp og går raske tider kvar gong. Berre to av dei 12 montéløpa han har gått har han enda utanfor pallen.
13. Aine G.L.: Vann kvalifiseringa til Rappfots æresløp med autostart på Bjerke, og trava 28,2 over mellomdistanse. Ho låg sist heile vegen det løpet, og gjekk kun frå midten av siste sving og ned oppløpet, til ein ganske enkel siger. Eg reknar meg ho er endå kjappare på sprint, men ho står litt vrient til i bakspor. Med tilsvarande avslutning som i debuten, vil ho sannsynligvis plukke mange konkurrentar til slutt.
14. Tomeld Ø.K.: Er sannsynligvis den hurtigaste hesten i feltet. Han har fått andreplass i dette løpet to år på rad, så eg må jo seia at det er ein hest som fortjener å gå til topps. Har løpesnor her, og om Caroline prikkar starten kan han få fordelen med ekstra stor fart. Det kan hjelpa på når han skal runda heile feltet. Caroline har tre sigrar og to andreplassar med han på fem forsøk, så statistikken deira er god. Eg vert ikkje overraska om han endelig skulle klara å få storløpssigeren sin her, sjølv om han skal henta 60 meter tillegg på sprint. Øksnevad-gjengen har klart å vinna løpet to gonger tidligare.

Startliste:
Løp: 7  RAPPFOTS ÆRESLØP  (ca. kl. 16:28)
MONTÉLØP - RAPPFOTS ÆRESLØP
MONTÉLØP
For alle 5-15-årige.
1600 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 225.001 kr., 40 m. ved 475.001 kr., 60 m. ved 950.001 kr., 80 m. ved 1.600.001 kr.
Premier: 50.000-25.000-15.000-10.000-6.000-(4.000) kr.
Til dette løp er vinnerne fra følgende tre løp direktekvalifisert (uten startplikt): Momarken 7.mai, Bjerke 15.mai og Biri 24.mai
Kaldblods      Volte V4-2     V75-5     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Eldvina Josefine Eilertsen 208.000 1.27,9v 1.27,9a
1600 2 Kolnes Brit Inga Lamvik 173.500 1.29,2v 1.26,8a
1620 3 Hr. Ford Trude Kleveland 403.818 1.27,0v 1.24,7a
1620 4 Spik Lotta Synne Høitomt 396.671 1.25,8v 1.25,1a
1640 5 Hugo Malin Berås 538.044 1.25,4v 1.25,5a
1640 6 Hage Jerven Christina A. Hande 559.242 1.25,0v 1.24,8a
1640 7 Super Gullet Lene Rotneim 885.187 1.23,5v 1.24,0a
1640 8 Solberg Jela Hege Kristin Høyland 632.000 1.24,1v 1.25,3a
1640 9 Jærvinn S.K. Johanne Ulrica Øveraasen 681.048 1.25,5v 1.23,4a
1640 10 Bacchus Ø.K. Brit Lea 864.000 1.24,3v 1.25,0a
1640 11 Troll Svenn Helene Kolle 765.974 1.24,3v 1.24,9a
1640 12 Kvikk Tojo Louise Vebostad Trudvang 614.628 1.23,1v 1.23,1a
1640 13 Aine G.L. Anita Valstad Hagmann 572.102 1.25,6v 1.25,9a
1660 14 Tomeld Ø.K. Caroline L.B. Morken 1.140.555 1.22,7v 1.21,2a
1660 15 Vertigo Bjørn Charlotte Svendsen 1.452.500 1.23,5v 1.21,8a

Kommentarer

Populære innlegg