Mi meining om dei fysiske testane

Fyrst må eg presisera at dette er mine personlege meiningar, og er ikkje diskutert eller forankra i nokre av styrene eg har verv i. Eg må òg leggja til at eg har vore på alle sider av saka. Fyrst rei eg løp frå 2006 til eg vart mor 6. juli 2014. Eg haldt på å døy etter fødselen på grunn av sjukdom, men klarte å kjempa meg tilbake, og var i form til å ri løp igjen allereie 25. oktober det samme året. Dei fysiske testane var gjeldande frå 1.januar 2015, og på grunn av skader eg fekk under keisersnittet klarte eg ikkje testane, og dermed vart eg utan lisens. Eg trente, mot legens anbefaling, i lang tid og prøvde testane utan å klara det. I februar 2017 klarte eg dei fysiske krava igjen, og har vore i banen sidan det. Så eg har bevist at eg klarer testane, og har vore på alle sider av saka. Med dette som bakgrunn kan du lesa vidare.

Eg er nok skuldig i at dei fysiske testane endeleg har komme opp i lyset, og det er blitt ei hjartesak for meg i travsporten. Montésporten gjev meg så mange gleder og utfordringar, at eg har lyst å dela sporten med flest mogeleg. For meg er det viktig at alle som har lyst å ri, skal ha ein realistisk sjanse til å vera med. Montésporten er ein gyllen sjanse til å halda på jenter, og spesielt i ungdomsalder, der me mistar flest. Travritt er gulrota, premien og høgdepunktet for mange jenter i travsporten. Det er samspel mellom hest og rytter, det er fart og action, kjensler og magi. Me er ein herlig gjeng med kvinnelege (og nokre få mannlege her til lands), som får gjera det me likar best. Dette er kanskje det viktigaste for meg i travsporten, og eg er ganske sikker på at veldig mange jenter hadde droppa ut, om det kun vart kjørt sulkyløp.

Dei fysiske testane vart innført for å hindra at utrente rytterar skapte farlege situasjonar i løp. Det er klart det er ein og annan person innimellom, som kanskje burde ridd litt meir før dei kom i banen, men eg synest sporten jamnt over har hatt eit godt nivå, med få ulukker. Heldigvis. Å ri eit montéløp er fysisk krevande, noko alle som har prøvd veit. Eg trur at alle som har ridd løp, innerst inne kan kjenna om dei er, eller ikkje er, sterke nok til å gjera dette på ein forsvarleg måte, sjølv om ein kanskje ikkje vil innrømma det. Å stå meir eller mindre i ro, samankrøka på 500 kilo musklar med eigen vilje, krever at ein legg ned innsats. Dette er noko alle forstår.

Problemet med dei fysiske testane er at DNT har pålagt oss at det er avgjerande at me kan springa. Eg kan til dels forstå at dette vart gjort, fordi det er ein generell måte å måla kondisjon på. Alle menneske er ikkje laga for å springa fort over lang distanse. For å ta meg sjølv, så har eg alltid vore god på 60-meteren. Eg klarer raskt å få opp farten, og halda høg fart over kort tid. Når eg er ute eller på tredemølla og spring, er det betre for meg å senka farten og heller springa lenger. For meg er det betre å springa 5 kilometer på 30 minutt, enn 3 kilometer på 15 minutt, fordi dette passar min kropp betre. Det vil seia at å auka farten frå 10 km/t til 12 km/t gjer at eg slit. Eg må verkeleg henta ut mitt ytterste for å klara testkravet. Senker eg farten frå 12 km/t til 10 km/t, kan eg springa ein mykje lenger distanse, og få meir effektiv trening. Eg har vore flink å jogga jamnleg over lengre tid, men framleis er det slik at eg får trøbbel med å auka farten så mykje. No kan eg springa lenger med same hastighet, enn eg gjorde då eg byrja jogga. Viser det at eg har dårlig kondisjon? Gjer det meg til ein dårleg rytter?

Då eg var i permisjon med den eldste dottera mi, gjekk eg lange turar kvar einaste dag, i tillegg til ridetreninga. Då var eg i mitt livs form, og eg kjente på kroppen at eg var i god form. Likevel klarte eg ikkje å springa 3 km på 15 minuttar. Samstundes kunne eg gjerne ri varming og hurtigarbeid på fleire hestar etter kvarandre, utan problem. Så eg var fryktelig frustrert over at dei fysiske testane hindra meg i å gjera det eg elskar. Denne kjensla veit eg det er mange andre som deler med meg, og det er dette eg synest er viktigast å få endra. La jentene komma tilbake i banen. Me treng kvar einaste ei av dei. Travsporten mistar hestar, og då har me absolutt ikkje råd til å la jenter som har lyst å konkurrera, bli sitjande på sidelinja fordi dei ikkje kan springa. Desse jentene er potensielle hesteeigarar, potensielle oppdrettarar og kuskar.

Det som har vore effektivt for meg, er å trena litt fleire ulike øvingar. Equum.se la ut fleire treningsvideoar med tips om øvingar frå den tidlegare jockeyen Fredrik Johansson. Desse har eg sett, og eg har plukka ut nokre av øvingane som eg har starta med. Det som hendte då eg byrja med desse øvingane, var at eg fekk gangsperr i dei musklane eg bruker når eg rir montéløp! Altså fann eg ein treningsmetode, som for meg fungerte på dei riktige muskelgruppene i forhold til ridinga. Johansson presiserer at jogging og er ein viktig del av treninga, men eg meiner heilt bestemt at det ikkje er farten på jogginga som er avgjerande.

Eg har ikkje det endelege svaret på kva som er dei rette øvingane, for å få det tettare knytt til ridinga, men eg er heilt sikker på at testane må endrast for at me skal få fleire montérytterar. Hadde eg bestemt, hadde dei blitt fjerna på dagen. Men om me først må ha testane så bør øvingane vera knytt til noko som er direkte relatert til musklane ein bruker når ein rir løp, aller helst ein ridetest på ein mekanisk hest. 

Kommentarer

Populære innlegg