NM startar med kaldblods

Sidan eg ikkje har bilete av Holt Gnist, får det bli eitt av Solberg Jela.
No er det ikkje mange dagane att til NM vert ridd i Drammen. Eg skal ri dei tre fyrste NM-løpa, så då skal eg få testa uthaldet. Det som gjer slike løp ekstra spennande, er alle dei ulike faktorane med hestar som får nye rytterar, og så blir det kanskje ridd litt annleis enn det gjer til vanlig. Så eg ser fram til lørdag.

Dagen startar med eit kaldblodsløp, der alle rytterane skal ri kvar sin hest. Eg skal prøva meg på ryggen til Holt Gnist. Han er ein erfaren montéhest, som har mange trippelplasseringar og sigrar under sal. Han har òg galoppert mykje i løp. I fjor vart han andre i det same løpet i monté-NM.

Ifølgje eigaren er han veldig pigg, og kan bli litt overivrig, noko som gjerne fører til at han galopperer. No har han hatt to månaders løpspause, der han har hatt nesten heilt fri i ein månad. Det har nok gjort han godt, og har forhåpentlegvis roa han noko ned. Han er behandla sidan siste starten, og eigaren fortalte meg at han pleier å gå godt etter pause. Så då får me håpa han har ein god dag, og at eg har god kjemi med denne herren.

Det er alltid spennande å prøva seg på litt spesielle hestar. Eg synest det er vanskelig å vurdera kor godt han kan gjera det, sidan han er så variabel. Dessutan står han svært dårlig inne, sidan han akkurat bikkar over på 60 meter tillegg, og i Drammen er det ikkje enkelt å henta. Eigaren seier at om eg klarer ri feilfritt, så går han alltid godt til mål.

Motstanden:
1. Songe Mai: Montédebutant. Vanskelig å vurdere, men ho går jamnt gode tider og har lite galoppar i travløp. Gjer ho det same med sal på ryggen, har ho ei fin oppgåve her.
2. Eos Turbo: Har gått to montéløp før, eitt utan premie og eitt endte i galopp. Har ny trenar no, og dei er dyktige, likevel er det kanskje mest realistisk med ein premie første gong ut.
3. Hønn Spik: Endå ein montédebutant som er vanskelig å vurdere. Har ifølgje resultatlista gjort mange gode løp, og har tatt to sigrar så langt i år. Kald rytter, så kanskje det kan vere ein trippelhest.
4. Lens Gutt: Den tredje montédebutanten i feltet. Ein flink hest som har vunnet tre løp og vore på trippelen åtte gonger på 23 startar. Står med brutt utan galopp i dei to siste løpa, så kanskje ikkje formen er den beste.
5. Stjerne Smell: Står med ein skral rad og mykje galopp. Kanskje monté kan vera løysinga? Kristine er veldig god å få fart på dei, men ut frå sulkyløpsresultata ser det ut som ein premiekandidat.
6. Valle Max: Gjekk sin montédebut 4.august. Leverte eit sterkt løp på rekorden sin 26,3. Forstår kanskje endå meir av kva det går i no, sidan han har fått eitt løp i kroppen. Han står fint inne, og er ein av vinnarkandidatane her.
7. Bol Odin: Imponerte meg stort då eg såg varminga hans på rikstoto direkte før løpet han gjekk 4.august. Såg skikkelig lekker ut. Gjorde eit fint løp til 2. plass då. Malin er veldig flink taktisk, så eg vert ikkje overraska om dei tek seg av dette løpet.
8. Jillborka: Har fine resultat å visa til i monté, og siger på ny rekord i sin siste sulkystart. Er ein av dei som kjemper om trippelplassane her.
9. Spang Express: Har vore litt opp og ned i travritt, men vann eit par løp på sommaren i fjor, deriblant eitt løp under monté-NM med Helene Kolle på ryggen.
10. Furderud Svarten: Starta i monté-NM i fjor, og vart nest sist i mål på 32,2 då. Har hatt ganske okei sulkyresultat den siste tida, så kanskje formen er betre no enn i fjor. Likevel er han nok på jakt etter premie her.
11. Neslands Tron: Har gått eitt montéløp. Fekk femteplass på 32,5 med galopp då. Har ikkje toppresultat så langt i år, men ein fin premie i feilfri utgave er nok innan rekkevidde.
12. Hugo: Er ein jamn og flink montéhest, men har ikkje levert dei beste resultata i det siste. Jakter nok premie her.
14. Kodran: God montéhest. Han har starta ni montéløp og vore blant dei fire beste i åtte av dei. Har Helene Kolle på ryggen denne gongen, og ho har ridd han før, så ho veit nok korleis ho skal ordna opp sjølv frå 80 meter tillegg. Er ein av dei som kjemper om sigeren.
15. Strikkeprinsen: Er ein veldig flink montéhest. Han har gått veldig mange gode løp og vunne mange travritt, men dei tre siste løpa står han som uplassert. I to av dei siste løpa har han galoppert. Det har han ikkje tid til frå 80 meter tillegg. Om han går feilfritt, og er tilbake i slag, er han god nok til å vera med i trippelkampen her.


Startliste:
Løp: 1  NM FOR MONTÉRYTTERE  (ca. kl. 13:15)
MONTÉLØP - NM FOR MONTÉRYTTERE
For alle 5-15-årige.
, for ryttere som er kvalifisert (se deltakere i Løpsbulletinen på side 52).
2100 m. Monté. Tillegg 20 m. for hvert vunnet 150.001 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Samt 2 000 kr. til alle som fullfører.
I denne proposisjonen unntas det fra bestemmelsene for kjøre- og riderettighet.
Kaldblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Songe Mai Amanda Robertsen 102.500 1.30,0v 1.28,1a
2100 2 Eos Turbo Siv Emilie Løvvold 77.691 1.29,3v 1.29,1a
2120 3 Hønn Spik Anita Valstad Hagmann 188.212 1.29,0v 1.26,2a
2120 4 Lens Gutt Hilde Rogstad 231.313 1.27,6v 1.25,8a
2120 5 Stjerne Smell Kristine Kvasnes 153.700 1.29,2v 1.29,1a
2140 6 Valle Max Martine O. Sørvik 393.000 1.25,7v 1.26,3a
2140 7 Bol Odin Malin Berås 379.209 1.25,5v 1.24,9a
2140 8 Jillborka Josefine Eilertsen 363.646 1.26,1v 1.24,3a
2140 9 Spang Express Maja Kanstad 348.063 1.27,4v 1.26,9a
2140 10 Furderud Svarten Hege Kristin Høyland 357.413 1.26,1v 1.24,7a
2140 11 Neslands Tron Johanne Ulrica Øveraasen 391.847 1.26,5v 1.25,8a
2160 12 Hugo Benedicte Bjørnstad 538.044 1.25,4v 1.25,5a
2160 13 Holt Gnist Charlotte Svendsen 467.000 1.26,1v 1.28,5a
2180 14 Kodran Helene Kolle 635.964 1.23,7v 1.24,8a
2180 15 Strikkeprinsen Louise Vebostad Trudvang 740.017 1.24,1v 1.24,7a

Kommentarer

Populære innlegg