Sørlandet med ein montédebutant

På laurdag skal eg til Sørlandet for å ri løp, for fyrste gong i år. Denne gongen tek eg med meg montédebutanten Maksi Amour. Ho har ikkje vist den beste stridsmoralen i sulky i det siste, og har ikkje vore på trippelen på over eitt år. Eg har ridd ho ein gong heime i trening, i tillegg til eit rutineløp på Forus 18.mai. Då var ho ute i heatet som skulle gå 1.21. Det gjekk veldig seint i byrjinga, men auka farten etter kvart. Siste 500 metrane gjekk ganske fort, eg hadde 1.12 på klokka då eg passerte mål. Ho fungerer veldig fint under sal. I vogn kan ho vera veldig stri, og disponerer dermed kreftene sine feil. Då eg rei ho, var ho heilt rolig og avbalansert. Ho gjorde akkurat det ho fekk beskjed om, og virka veldig travsikker. Det vert spennande å sjå om ho synest dette er litt kjekkare enn å springa med vogn bak. Mitt inntrykk frå dei to gongene eg har ridd ho, er at ho likar det godt. Det hadde vore artig å klara ein trippelplass, sjølv frå 40 meter tillegg.

Eg synest dette løpet er vanskelig å vurdera, då det er fleire debutanter og nokre hestar som har vist at dei går i monté. 

Motstanden:
1. Texas Bonheur: Debuterer under sal. Ifølgje Maren Sødal, som skal ri, så gjer han stort sett så godt han kan og held farten til mål. Han er meir sterk enn speedig. Ho seier ho kjem til å ri det ho kan heile vegen for å sjå kor langt det held, men at feilfritt og premie er målet. Gjekk eit jobb under sal på torsdag. Då virka han litt usikker frå start, men var travsikker og fin ifølge Maren. 
2. Grace Yoga: Har gått eitt montéløp. Avslutta fint til 4.plass mot gode montéhestar då. Står fint til her, med berre 20 meter tillegg. Trippelaktuell.
4. Obrigado Brazz: Er den sikraste hesten i feltet, med 12 montéstartar. Av dei har det blitt fire sigrar og ni trippelplasseringar. Har den mest formsterke rytteren, så dei kan fort vinna dette løpet her.
5. Sugar Road: Endå ein montédebutant. Amalie Ødegård fortel at han har gått nokre hurtigarbeid under sal, og har fungert fint der. Ho seier det er spennande sidan det er debut, men at han skal reknast i trippelkampen om han går som i trening. 
6. Solitario Jet: Var ute i montédebut på Biri søndag. Såg ut som han skulle gje seg på siste bortre då, men samla seg då Helene drog og ut proppane og gjekk fint til mål. Det løpet gjekk fort og han møtte veldig gode hestar. Med tilsvarende innsats er han ein av fleire som kjemper om trippelplassane.
7. Cromwells Shadow: Er jevn og flink i monté, og er stort sett alltid topp fire på resultatlista når han går under sal, så han jaktar på ein ny fin premie her. 

Startliste:
Løp: 6  MONTÉLØP  (ca. kl. 20:20)
MONTÉLØP
For 4-12-årige høyest 400.000 kr.
2140 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 90.001 kr., 40 m. ved 180.001 kr.
Premier: 14.000-7.000-5.000-3.500-3.000-(3.000) kr.
Varmblods      VolteV65-4     
Dist.NrHestens navnKuskInntjentVoltAuto
21401Texas BonheurMaren Sødal80.0001.17,2v1.15,6a
21602Grace YogaMartine Finsand170.7561.16,1v1.14,1a
21803Maksi AmourCharlotte Svendsen314.5001.16,2v1.14,1a
21804Obrigado BrazzHelene Kolle339.0001.16,0v1.13,6a
21805Sugar RoadAmalie Ødegård229.5671.17,5v1.14,7a
21806Solitario JetMalin Berås289.0291.16,5v1.13,2a
21807Cromwells ShadowIda Gundersen Thompson221.5001.15,4v1.14,2a

Kommentarer

Populære innlegg