Spik Lotta i Bergen

Spik Lotta på seremoniplass etter montédebuten.
Så er det klart for årets fyrste tur til Bergen for å ri montéløp. Denne gongen skal eg få prøva meg på ryggen til Spik Lotta. Det har vore ein nyttig montéhest, men ho har òg rota seg vekk med galopp i nokre av løpa. Så eg håper virkelig at eg klarer å ri i trav heile vegen, og helst få litt fart under høvene på ho i tillegg. Ho har gått seks montéløp i karrieren,og har ein siger og ein andreplass som resultat. Me står eigentleg på 40 meter tillegg, men sidan ingen startar frå strek er det i praksis 20 meter tillegg. Det er gode hestar som har 20, 40 og 60 meter tillegg på oss, men tillegg er alltid vanskelig, så eg må prøva å treffa starten godt og få utnytta forspranget best mogeleg. Ho må gå eit godt løp for å henta seg ein premie her.

Dette er faktisk mitt fyrste kaldblodsløp i år. Eg har ikkje ridd kaldblods sidan eg vann med Solberg Jela i oktober, så det er på tide å komma seg på ryggen til ein slik igjen.

Min eigen form er i alle fall på rett veg. Eg har trent meir enn tidligare, og ikkje minst meir målretta. Eg føler det har gitt utslag på sitsen, noko som er motiverande og forhåpentlegvis viser igjen på resultata.

Motstanden:
1. Torpa Njål: Galopperte seg vekk i montédebuten. Har ikkje fått premie sidan oktober i fjor, så formen er antagelig ikkje den beste. Står åleine framme, men eg trur likevel han jaktar premie her.
3. Lukas: Går stort sett fine montéløp. Har fått eit løp i kroppen etter pause og har riktige føresetnader her, og kan nok få ein fin premie.
4. Kleppe Skranten: Er flink i monté når han er på topp. Han galopperer mykje, og ser ikkje ut til å ha form heller. Må gå feilfritt for å få premie.
5. Art Skogfari: Debuterte under sal til 3.plass. Det tok litt tid før han fekk opp farten då, men om han skjønner litt meir denne gongen så kan han kanskje klara å komma på trippelen igjen.
6. Bacchus Ø.K.: Er alltid langt oppe på resultatlista når han konkurrerer med sal på ryggen. Caroline har ikkje ridd han før, men eg trur ikkje det byr på noko problem. Han er ein av dei som kjemper om sigeren her.
7. Super Gullet: Imponerer gong på gong under sal. Sjølv om han er gammal, liker han seg i monté. Lene har godt tak på han, og dei jakter ny pallplass her.
8. Vertigo Bjørn: Henriette har ridd han dei tre siste montéløpa. Han har hatt litt uflaks i dei løpa, men likevel levert gode avslutningar. Står vanskelig inne med 80 meter tillegg, men med litt offensivt opplegg skal han vera god nok til å vera med å kjempa om trippelplasseringane. Han har vist god form i sine siste sulkystartar.
9. Tomeld Ø.K.: Er den beste montéhesten i feltet. Han gjekk eit godt løp på Sørlandet søndag, til tredje med galopp. Tette startar pleier ikkje bety så mykje for han. Brit har ikkje vunnet med han sidan juli 2017, men dei har hatt fleire knepne tap til andreplass, og fortjener å kryssa mållina fyrst snart. Han har langt tillegg, men han vann med mange meter sist han vann i Bergen.

Startliste:
Løp: 2  MONTÉLØP - SKJØNNSMESSIG HANDICAP  (ca. kl. 18:30)
SKJØNNSMESSIG HANDICAP - MONTÉLØP
For alle 5-15-årige.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 150.001 kr., 40 m. ved 325.001 kr., 60 m. ved 475.001 kr., 80 m. ved 750.001 kr., 100 m. ved 1.000.001 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Hestene blir plassert skjønnsmessig etter innmelding. Etterinnmeldinger tillates ikke. Strykningsgebyr gis ikke.
Kaldblods      VolteV4-2     
Dist.NrHestens navnKuskInntjentVoltAuto
21201Torpa NjålElisabeth Storetvedt212.0001.28,8v1.27,6a
21402Spik LottaCharlotte Svendsen393.6711.25,8v1.25,1a
21403LukasHilde Rogstad458.8651.25,6v1.25,5a
21604Kleppe SkrantenHege Kristin Høyland584.5001.23,3v1.23,9a
21605Art SkogfariEva Flolid572.3791.26,2v1.26,3a
21806Bacchus Ø.K.Caroline L.B. Morken816.0001.24,3v1.25,0a
21807Super GulletLene Rotneim882.1871.23,5v1.24,0a
22008Vertigo BjørnVictoria Steine1.444.5001.23,5v1.21,8a
22009Tomeld Ø.K.Brit Lea1.126.5551.22,7v1.21,2a

Kommentarer

Populære innlegg