Fantastisk kaldblodsmontéløp!

Meg og Mr. Tjordal
På lørdag er det klart for eit fantastisk montéfelt for kaldblods på Forus. Det såg lenge ut til ikkje å bli så mange hestar, men me endte opp med 11 stykk, og fleire av landets beste montéhestar står på startlista. Det er utruleg artig for meg, som er veldig glad i denne sporten! Ulsrud Tea er tilbake med sal på ryggen, for fyrste gong sidan juli i fjor, så det vert artig å sjå. Ho skal normalt ta seg av dette løpet, men det er fine hestar som har lyst å ta opp kampen.

Eg har noko overraskande fått sjansen på montédebutanten Førlands Odin. Han er ifølgje eigaren ridd litt på heime, men aldri testa under sal. Så det vert veldig spennande å sjå korleis han reagerer på det. Han er 5 år gammal, etter Bork Odin, og har tjent nesten 320.000 kroner så langt i karrieren. Han har rekord på 25,7, men har ikkje gått fortare enn 28,5 på voltestart. På sine 46 startar i karrieren har han teke 8 sigrar, 7 andre- og 7 tredjeplassar, så nesten halvparten av løpa på trippelen. Han har galoppert ein del, men er veldig flink når han held seg i trav. Det er veldig vanskelig å vurdera kva han kan, og korleis han kjem til å oppføra seg. Eg håpar han likar det, og at me kan vera med å kjempa om ein fin premie. Det er veldig artig å få ri for Per Eivind Tjordal, han er ein skikkelig fargeklatt i sporten vår og ein herlig fyr!


Motstanden:
1. Gjerde Tora: Gjorde ein fin prestasjon i montédebuten. Trava 32,1 då. Møter tøffare motstand denne gongen, og er nok på premiejakt.
2. Odins Høvding: Såg veldig fin ut då han vart testa i ei lokalkjøring. Han vann det løpet på 1.32, og gjorde det på ein fin måte. Ryttaren fortel at han har fungert fint i banejobb, men at det er mange gode hestar. Han er rask frå start, så om han løyser godt skal ho prøve å ri jamnt fort heile vegen, men likevel er det er best mogeleg premie som gjeld.
3. Misi Ø.K.: Vanskeleg å vurdera, sidan det er fyrste gongen ho går under sal. Det er ein god hest, som har tatt sju sigrar i karrieren. Så godt som alle Øksnevad-hestane som kjem ut med sal på ryggen gjer det godt, så eg vert ikkje overraska om også denne er med framme med ein gong.
4. Spik Lotta: Har gjort det litt vanskelig for seg sjølv og galoppert seg vekk i nokre montéløp, men ho har gått nokre gode sulkyløp i dei siste startane. Likevel trur eg premie er målet her.
5. Arnspik: Har vore på trippelen i nesten alle dei feilfrie montéstartane sine, og jaktar ny trippelplassering her, sjølv om motstanden er hard.
7. Troll Svenn: Er svært god i monté. Trava 1.24,9 i sin siste montéstart over denne distansen. Det er første gongen han starter travritt på Forus, så det vert artig å få sjå han på banen her. Ein av dei som prøver å ta opp kampen med Tea.
8. Solberg Jela: Har vore flink i montéløpa sine, men står dårligare inne i forhold til konkurrentane denne gongen. Ho jakter nok på best mogeleg premie denne gongen.
9. Bacchus Ø.K.: Har forsprang på Tomeld denne gongen, sist stod dei likt. Han er alltid i toppen i monté, og jaktar ny trippelplassering her.
10. Tomeld Ø.K.: Startar likt med Tea, men er ingen dårleg hest sjølv heller. Han må gå feilfritt om han skal ha sjanse til å slå ho, men han er svært god når han er på sitt beste, og skal ikkje avskrivast heilt i sigerskampen.
11. Ulsrud Tea: Fantastisk dame som kun har tapt eitt montéløp. Ho har tjent over 7 millionar kroner i karrieren og er heilt rå! Ho skal normalt ta seg av dette løpet, utan uforutsette hendingar undervegs.

Startliste:
Løp: 1  JÆREN HINGSTs MONTÉLØP  (ca. kl. 18:50)
MONTÉLØP
For alle 5-15-årige.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 150.001 kr., 40 m. ved 275.001 kr., 60 m. ved 525.001 kr., 80 m. ved 950.001 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Kaldblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2060 1 Gjerde Tora Beate Barka 177.000 1.28,5v 1.26,8a
2080 2 Odins Høvding Mariann Borgen 335.500 1.26,9v 1.26,2a
2080 3 Misi Ø.K. Benedicte Bjørnstad 285.000 1.27,8v 1.27,3a
2080 4 Spik Lotta Synne Høitomt 421.171 1.25,8v 1.25,1a
2080 5 Arnspik Martine Finsand 420.000 1.24,6v 1.24,7a
2080 6 Førlands Odin Charlotte Svendsen 318.500 1.28,1v 1.25,7a
2100 7 Troll Svenn Helene Kolle 834.664 1.24,3v 1.24,9a
2100 8 Solberg Jela Tonje Gudmestad 653.000 1.24,1v 1.24,7a
2100 9 Bacchus Ø.K. Inga Lamvik 910.000 1.24,0v 1.23,7a
2120 10 Tomeld Ø.K. Caroline L.B. Morken 1.200.055 1.22,7v 1.21,2a
2120 11 Ulsrud Tea Kristine Kvasnes 7.176.117 1.20,9v 1.18,9a

Kommentarer

Populære innlegg