God jul!

Dette året har gått litt i bølgjedalar. Fleire oppturar, og nokre nedturar, flaks i uflaksen, gode hestar, dårlege hestar, gode prestasjonar og ikkje fullt så gode prestasjonar. Det er slik travet er. Eg har håpa på å få ein seier i år, men med berre ein sjanse igjen ser det vanskeleg ut. Uansett må eg vera nøgd med 6 trippelplasseringar på 29 forsøk så langt i år.

Eg vil med dette få takka alle hesteeigarane og trenarane som har gjeve meg sjansen på deira hestar:
Team Hagen som lot meg godkjenna Famous Tile.
Karsten Solberg som lot meg godkjenna og ri fleire løp på Easterboy K.K.
Tormod Gudmestad som lot meg prøva meg på ryggen til Sylv Spika.
Ida Beate Vikse som lot meg køyra Miras Frigg og ri Tøffe Toft.
Håkon Hagebø Hauge som har gitt meg gleden av å ri Lillruben.
Stall Ovi og Rune Ellingsen som gav meg mogelegheita til å ri Nimo i hans montédebut.
Jorunn som har latt meg køyra og ri One Hot Minute.
Kenneth, Lisbeth og eigarane av Conway Holl som eg fekk ri fleire gongar.
Johan Auestad som gav meg oppsitt på Cumulus.
Trygve og Marie som har gjeve meg sjansen til å godkjenna, ri og køyra løp med Eggen Prins og Alezan Labrousse.
Egil Stensland som gav meg sjansen på Options Blue Chip.
Morten Rygg som lot meg ri Giant Augustinu.
Kåre Kolnes som lot meg køyra Come Pete i rekruttløp.
Lasse som lot meg godkjenna og ri løp på Nextrem Østervang.
Familien Hansen som har latt meg køyra The Bachelor.
Terje Johnsen som gav meg sjansen på Kandidaten i rekruttløp i Bergen.
Lene og Trond som eg har ridd Eldfri for.
Og sist men ikkje minst min sambuar Stian, medeigar Roald og Tor (far til Stian) som har latt meg kjøra og ri deira hestar i fleire løp i år.

Eg set stor pris på alle oppsitta eg har fått av dykk. Det er de som gjer at eg kan få gjera det eg likar aller best.

Ein stor takk vil eg og retta til Ann-Sophie og Ronny som gjennom Dyresport.no sponsar meg med det eg treng i løpsbanen.

Eg ynskjer alle mine lesarar ei riktig god jul.

 Biletet er av ein flygande Lillruben.

Kommentarer

Populære innlegg