2. plass i Rekruttserien 2012

Det vart ein spanande dag med finalar på Forus. Etter ein 2. plass i det fyrste finaleløpet klatra eg 6 poeng nærare Lars Kristian Løkken som leda, og passerte Mats Gunnar Ringberg med 8 poeng. Eg slo både Lars Kristian og Mats i det andre finaleløpet og, men ikkje med nok poeng. Dermed måtte eg sjå meg slått med 2 poeng (eg måtte hatt 3 poeng meir for å gå forbi Lars Kristian). 2. plass i Rekruttserien 2012 er eg strålande nøgd med. Med tanke på at eg ikkje har vunne løp i år, så er det veldig bra. Då har eg i alle fall køyrd med jamne resultat og sanka poeng gjennom heile året.

Resultatlista som eg har rekna ut sjølv, ut frå poengskalaen på Forus si heimeside, ser slik ut:
Lars Kristian Løkken - 71 poeng
Meg - 69 poeng
Mats Gunnar Ringberg - 60 poeng

I år fekk eg universal-gåvekort på 2000 kroner som premie, i tillegg til dette settet:

Rune Eikeland dukka opp på seremoniplass og fotograferte oss:

Kommentarer

Populære innlegg