5. plass med Madla Tor

I kaldblodsløpet køyrde eg Madla Tor. Etter det fyrste finaleløpet der eg fekk 14 poeng for andreplassen, låg eg berre 4 poeng bak Lars Kristian. Eg hadde klatra opp til andreplass. Lars Kristian hadde 64 poeng og eg hadde 60 poeng. Stian varma Madla Tor for meg, og han såg fin ut då. Sist eg køyrde han gjekk han i speedster, men denne gongen hadde han fått på seg moddi.

Han var veldig hissig både i defileringa, prøvestarten og omstarten. I det gyldige forsøket var eg litt treig, for eg ville ikkje snu opp for tidlig i tilfelle han skulle rasa avgarde og få omstart. Likevel fekk me ein veldig fin start sidan me fekk så god fart, og dermed sikta eg inn ledarryggen med han og. Der låg eg til inn på siste bortre langsida. Då klarte ikkje hesten i dødens å halda følgje med tethesten, så eg drog ut i dødens med Madla Tor. Han kjendes skikkeleg fin ut, gjekk sjølv og var verkeleg på hogget så lenge eg var på sida av tethesten. Då me svinga inn på oppløp hadde Henning fått verkeleg fart på Øyseira og dei kom forbi oss langt ute i banen, då den passerte oss var det akkurat som han gav litt blaffen. Han haldt farten til mål, men svara ikkje opp hestane som kom på utsida. Dermed måtte me sjå oss slått. Likevel fekk me med oss ein 5. plass, og etter den svake innsatsen sist har me ikkje lov å klaga sidan det var framgang denne gongen.

Det resulterte i 9 poeng til meg i Rekruttserien, dessverre kom Lars Kristian på 7. plass og fekk med seg 7 poeng. Eg måtte hatt tre poeng meir for å klatra forbi han i samandraget.

Bilete tatt av Rune Eikeland:

Kommentarer

Populære innlegg