Andre finale i Rekruttserien 2012

I kaldblodsløpet, det siste finaleløpet i rekruttserien, skal eg køyra Madla Tor. Han skuffa sist han starta, då han stoppa frå tet. Han hosta litt etter løpet. Han har ikkje vist teikn til å vera sjuk dei siste dagane, men om han har feber i morgon vert det ikkje start på han. Årsaka til den svake innsatsen sist kan rett og slett vera at han ikkje likar seg i tet, for han har stoppa frå den posisjonen før.

Eg har køyrt han eitt løp før, og då fekk me fjerdeplass frå 40 meter tillegg. Denne gongen står me på 20 meter tillegg. Eg håper me får ein fin start og kan få ein fin rygg undervegs i løpet. Eg synest han er litt vanskeleg å vurdera etter den svake innsatsen sist, men han er betre enn han var då. Forhåpentlegvis er han tilbake i slag, i så fall kan han få ein fin premie.

Motstanden:
1. Sophus K.G.: Har ikkje hatt dei beste resultata den siste tida, så han er nok ein premiekandidat her.
2. Karmøy Eld: Har gjort fine innsatsar dei siste løpa, og gjekk godt til 2. plass i Bergen sist. Står perfekt inne på strek og kan kanskje leda lenge.
3. Knøttlita: Har gjort fine innsatsar i sine siste løp. Gjekk veldig godt sist Ronja køyrde ho, og dei står fint til på strek. Kan kjempa om ein trippelplass her.
4. Øyseira: Gjorde det veldig fint i fjor, men har ikkje fulgt heilt opp i år. Har galoppert ein del, men må finna tilbake den gode formen før ho skal reknast som noko anna enn ein premiekandidat.
6. Tysvær Sølvi: Er ein jamn og flink premieplukkar. Er nok ute etter ein premie igjen.
7. Engas Kvikk: Har galoppert mykje i sin karriere, gjekk feilfritt i sitt siste løp og fekk 4. plass då. Feilfritt er han nok ute etter ein fin premie.
8. Tormod: Har vore lenge borte frå løpsbanen. Han starta prøveløp i januar, og prøvde seg i to løp i sommar utan hell. Gjekk nytt prøveløp i oktober, men har ikkje starta før no, så han er nok ute etter ein premie her.
9. Sergodtut: Er ei vanskeleg hoppe som galopperer mykje. Kusken har god statistikk på dei få løpa ho køyrer. Hesten har ikkje fått premie sidan juli, så det er nok målet her.
10. Eggen Prins: Gjekk eit svakt løp sist og gav seg lett. Han har gått veldig fint for meg i tilsvarande løp. Får ny kusk no, men han er travsikker og lettkøyrt og tener ofte på det i ungdomsløpa. Han har ikkje fått premie dei siste fire løpa, så det er nok målet denne gongen frå langt tillegg.
11. Kleppe Dolly: Har ikkje starta meir enn eitt løp og to prøveløp sidan 2010. Ho vart distansert i løpet i oktober, så det er nok ein premie som er målet. Kusken køyrer sitt fyrste løp i karrieren.
12. M.G. Lomen: Ein flink hest som Mats har godt tak på. Var tilbake til gamle synder i sin siste start, men om han går feilfritt skal han reknast med sigerssjanse.
13. Bidden: Går gode løp når han ikkje galopperer. Utan galopp er han ein trippelkandidat.

Startliste:

Løp: 7  Rekruttserien 2012  (ca. kl. 20:20)
Kaldblods. 3-15-årige.
2040 m. Tillegg 20 m. for hvert vunnet 80.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Sophus K.G. Ole-Christian Kjenner 64.000 1.30,4v
2040 2 Karmøy Eld Lars Kristian Løkken 79.500 1.30,5v 1.33,1a
2040 3 Knøttlita Ronja Good 68.000 1.29,8v 1.35,3a
2060 4 Øyseira Henning N. Horpestad 149.500 1.28,8v 1.29,1a
2060 5 Madla Tor Charlotte Steine 116.000 1.26,8v
2060 6 Tysvær Sølvi Silje Jessen 86.500 1.29,1v 1.32,4a
2060 7 Engas Kvikk Stian Øksnevad 139.500 1.30,2v 1.28,4a
2060 8 Tormod Johan Kringeland Eriksen 87.000 1.29,4v 1.31,2a
2060 9 Sergodtut Rannveig Gudmestad 92.000 1.29,1v 1.31,9a
2080 10 Eggen Prins Camilla Sund 186.765 1.26,9v 1.26,0a
2080 11 Kleppe Dolly Lise Hjetland 200.000 1.26,9v 1.26,6a
2080 12 M.G. Lomen Mats Gunnar Ringberg 187.500 1.29,1v 1.31,7a
2080 13 Bidden Morten Erga 239.000 1.26,4v 1.25,3a

Eitt bilete av oss frå eit tidlegare løp, foto: Rune Eikeland:

Kommentarer

Populære innlegg