Avsluttar året med Pay Back

Neste søndag tek eg turen til Sørlandets travpark for å ri sesongens siste montéløp. Pay Back Money har ikkje vore ute i monté sidan skrekkløpet i Haugesund i juni. Eg trur ikkje han tok skade av det løpet psykisk, men det er aldri godt å vita. Pay Back leverte eit flott løp for meg i sin siste start, eit ungdomsløp. Då gjekk han godt heile vegen til 2. plass. I monté har han ikkje trava fortare enn 1.19, men eg mistenker at han kan litt betre enn det.

Me har fått tredjespor i volten, og det kan bli litt trongt for den store hesten. Så eg må gjera det eg kan for å få han feilfritt ut frå start. Dersom eg klarar det håpar eg han oppfører seg fint og går eit godt løp. På hans beste trur eg han skal kunna henta seg ein fin premie i dette feltet.

Motstanden:
1. Quelodie Merite: Er ein veldig flink montéhest med 4 trippelplasseringar på 5 forsøk. Er mykje betre under sal enn i vogn, og skal kunna kjempa om sigeren her.
2. Ritte: Leverte ein fin montédebut til femte på Forus. Kan få eit fint løp igjen, og då er ein fin premie innan rekkevidde.
4. Orion K.: Er ein flink montéhest så lenge han held seg i rett gangart. Vart ettermeldt her, og det tydar nok på at dei synest motstanden var overkommeleg. Er god nok til å vinna.
5. Neversaynever: Har ikkje dei heilt store resultata å visa til, men fekk ein tredjeplass sist hesten gjekk monté med voltestart. Premiekandidat.
6. Precious Gift: Innleda montékarrieren med tre sigrar og ein tredjeplass, men galopperte seg bort i femte starten. Har ikkje vist det store i sulky etterpå, men trivs nok betre under sal. Rytteren har gjort det godt etter ho fekk lisensen. Skal reknast med vinnarsjanse.
7.Chambermaid: Ein jamn og flink montéhest som stort sett gjer fine løp. Ny rytter no, men på etternamnet å dømma ser det ut til at ho kanskje kjenner hesten frå trening? Kan kanskje blanda seg inn i trippelkampen om opplegget klaffar.
8. Sugar Alcore: Rota seg vekk med galopp i sitt første montéløp. Såg fin ut i prøveløpet før det. Innsatsen 23. desember bør sjekkast. Får Kristine tilbake på ryggen no, og ho kjenner han frå han stod hjå Tengsareid. Kanskje han kan kjempa om ein trippelplass om han er tilbake i slag.
9. Un Dollar: Galopperer mykje, men i dei montéløpa han har gått feilfritt har han gjort sakene sine bra. Må gå i trav for å henta ein fin premie her.
10. Beak's Princess: Ein flink hest som har gått tre montéløp. Det har resultert i to seirar og ein tredjeplass. Bikka over på 20 meter tillegg her, men etter dei øvrige innsatsane i monté skal ho reknast med vinnarsjanse igjen. Startar den 23. desember, så den innsatsen er verdt å sjekka.
11. C.C. Lina: Har ikkje gått montéløp sidan eg vart diska for galopp med ho i fjor, men ho har vore ute i ein del prøveløp og nokre travløp etterpå. Står på tillegg her, og må vera veldig forbetra for å hevda seg.
12. Bar Story: Er flink i monté. Han har berre starta to gongar under sal i år. Har kanskje ikkje vore heilt i toppform i sine siste sulkystartar, men på kapasitet skal han reknast med trippelsjanse om han held seg i trav.
13. Sniper B.: Han har ikkje starta monté sidan april i år, og har heller ikkje så gode resultat å visa til i den greina. Usikker form ettersom han berre står med ein sjettepremie dei siste sju startane. Premiekandidat.

Startlista:
Løp: 7  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 19:50)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige høyest 350.000 kr.
2140 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 190.000 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-3.500-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Quelodie Merite Monica Odderstøl 116.043 1.17,6v 1.14,8a
2140 2 Ritte Hilde Rogstad 99.614 1.17,8v 1.16,4a
2140 3 Pay Back Money Charlotte Steine 185.558 1.16,0v 1.14,6a
2140 4 Orion K. Siv Emilie Løvvold 146.337 1.17,2v 1.15,5a
2140 5 Neversaynever Katrine Olsen Wågenes 85.000 1.18,8v 1.15,5a
2140 6 Precious Gift Eirin Bjerland Vinvand 120.586 1.18,0v 1.15,8a
2160 7 Chambermaid Linn Isaksen Frøysland 265.000 1.17,0v 1.13,6a
2160 8 Sugar Alcore Kristine Kvasnes 207.500 1.16,9v 1.15,4a
2160 9 Un Dollar Ida Jansen 278.091 1.14,6v 1.13,8a
2160 10 Beak's Princess Henriette Bye 212.464 1.18,0v 1.14,5a
2160 11 C.C. Lina Therese Nyhaven 233.250 1.17,4v 1.14,8a
2160 12 Bar Story Kari Anne Knutsen 299.000 1.15,4v 1.14,2a
2160 13 Sniper B. Fay Maria Sjåstad 200.500 1.17,0v 1.15,1a

Eitt bilete Rune Eikeland har tatt av oss:

Kommentarer

Populære innlegg