Første finale i rekruttserien

I morgon skal rekruttserien på Forus avgjerast. Me skal køyra to løp, først eitt med varmblodshestar og så eitt med kaldblodshestar. Stillingen i Rekruttserien 2012 før dei siste to løpa er slik Lars Kristian Løkken ledar med sine 56 poeng, fem poeng bak ligg Mats Gunnar Ringberg med sine 51 poeng. Bak der ligg eg igjen, fem poeng bak Mats og ti poeng bak Lars Kristian, med mine 46 poeng. Silje Jessen er nummer fire 12 poeng bak meg med sine 34 poeng. Morten Erga og Henning Horpestad har begge 24 poeng. Det vert ein spennande avslutning, og den endelege resultatlista er nok ikkje klar før begge finalane er køyrde.

I varmblodsløpet skal eg køyra Pay Back Money frå førstespor bak bilen. Nokre gongar løyser han godt frå start, andre gongar er han ikkje like rask. Det vert vanskeleg å forsvara sporet, men me håpar på at me får ein god rygg. Så får me gjera det beste utav det og prøva å få oss ein best mogeleg premie. Han skulle fått ei gjennomkøyring forrige veke, men galopperte frå start den gongen, så oppladninga har ikkje vore slik me hadde tenkt på førehand. Dersom alt klaffar og han er tilbake i form er han flink nok til ein trippelplassering.

Motstanden:
2. Grey Man: Veldig flink tetløpar. Ho køyrer nok for tet her, og då kan ho leda lenge - kanskje heilt inn.
3. Come Pete: Køyrde eg sist han var ute i ungdomsløp. Han var veldig lettkøyrt og fin, og har levert greie løp den siste tida. Har fordel av at han går godt til slutt.
4. Perfect Globe: Vann to løp i juni, men har ikkje vist det store etter det. Kusken er i form, men det er nok ein premiekandidat i utgangspunktet.
5. Sundbo Kaktus: Ein hest som stort sett alltid plukkar med seg premiar, og kjempar om ein premie igjen.
6. Walk For Life: Ei hoppe som har gjort det veldig fint i sprintløpa. Har nok klart fordel av distansen, og kusken er flink. Kan kjempa i toppen her.
7. Maksi Winner: Har plukka med seg premiar etter han kom ut i ny regi. Har henta inn Østlands-kusk for anledningen, og det tydar kanskje på ambisjonar? Trippelaktuell.
8. Alfi Prelong R.R.: Er jamn og flink og får stort sett fine premiar. Fekk 4. plass sist kusken køyrde ho. Er god nok til trippelplassering.
9. Tamaran: Ser ut til å vera ein variabel hest ut frå resultatlista, så han er kanskje ute etter ein premie her.
10. Pippi Gammelsbæk: Flink hest som stort sett alltid kjempar i toppen. Ho møter riktig motstand og skal reknast med vinnarsjanse her.
11. Nextrem Østervang: Gjekk veldig fint då eg rei han i montéløpet i hans nest siste start. Var uheldig med løpsopplegget i sitt siste travløp. Formen er fin, men utgangsposisjonen hans er vanskeleg. God nok om det klaffar med løpsopplegget.

Startliste:
Løp: 6  Rekruttserien 2012  (ca. kl. 20:00)
Varmblods. 3-12-årige høyest 210.000 kr.
1600 m. Autostart.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-5     V5B-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Pay Back Money Charlotte Steine 178.558 1.16,0v 1.14,6a
1600 2 Grey Man Silje Jessen 183.500 1.18,6v 1.14,9a
1600 3 Come Pete Stian Øksnevad 167.700 1.16,0v 1.14,2a
1600 4 Perfect Globe Joakim Rasmussen 170.620 1.16,8v 1.14,3a
1600 5 Sundbo Kaktus Johan Kringeland Eriksen 160.100 1.16,4v 1.14,1a
1600 6 Walk for Life Mats Gunnar Ringberg 144.122 1.16,2v 1.14,4a
1600 7 Maksi Winner Ole-Christian Kjenner 165.100 1.16,7v 1.14,8a
1600 8 Alfi Prelong R.R. Susanne Ohme 201.000 1.16,0v 1.14,2a
1600 9 Tamaran Camilla Sund 132.000 1.17,1v 1.14,4a
1600 10 Pippi Gammelsbæk Lars Kristian Løkken 186.365 1.14,5v 1.14,1a
1600 11 Nextrem Østervang Henning N. Horpestad 186.200 1.16,5v 1.15,2a


Eitt bilete av oss frå tidlegare løp, foto: Arnfinn Roaldsøy:

Kommentarer

Populære innlegg