Fin 2. plass på Pay Back

I det fyrste finaleløpet i Rekruttserien 2012 var eg ute med Pay Back Money. Han varma veldig fint og kjendes sprek og glad ut. I prøvestarten verka han og fin, men eg prøvde å halda han rolig og spara kreftene. Det var nok lurt, for då me kom opp bak bilen var han verkeleg på hogget og tok avgarde då bilen sleppte feltet. Berre ein av hestane utanfrå klarte å passera han, så me sikta inn den perfekte posisjonen i ledarrygg. Fyrste 500 meter vart opna på 1.13,7 og fyrste 1000 meter gjekk etter 1.15,9. Farten vart aukt att til slutt.

I nest siste svingen såg eg konkurrentane køyrde i spora og prøvde å koma seg framover, men eg ville sitja i rygg med Pay Back mest mogeleg. Då hesten som kom fram i dødens galopperte venta eg endå litt lenger sidan hesten som då var i dødens ikkje hadde så mykje framdrift. I siste svingen vart farten auka litt og då kom dei andre konkurrentane aldri nærare, så eg kunne sitja i rygg så lenge eg ville. Ut av siste svingen prøvde eg eitt angrep, og Pay Back tok godt tak i det. Han kjempa nedover oppløpet og heilt til mål, men me måtte sjå oss slått av tetløparen som var i godt slag. Likevel er eg svært nøgd med ein finfin 2. plass på sterke 15,5 på vinterbane i ti-tolv minusgrader. Pay Back viste at pausen hadde gjort han godt og at han er tilbake i slag.

Bileta er fotografert av Rune Eikeland:




Kommentarer

Populære innlegg