Løpsutstyret mitt

 Eg har fått førespurnad på å skriva ein blogg om utstyret eg brukar. Dermed tok eg bilete ein dag eg salte opp. Easterboy K.K. er modell.

Det fyrste eg legg på er sjabraken. Ein Formiga Air montésjabrak. Produsenten seier at sjabraken:
- Ledar vekk varme. Det fører til at sjabraken tørkar fortare.
- Materialet absorberer bra, opp til 300 % av eiga vekt. Hesten held seg tørrare og skadeeffekten frå fukt vert minimert.
- Materialet trykkutliknar. Sjølv om materialet er tynt kan ein ikkje trykkja saman sjabraken utan at trykket vert fordelt jamnt på ryggen.
- Innebygd kullfilter som hindrar sopp og mugg. Sjabraken er lettstelt og tørkar fort etter vask.
- Sjabraken ligg heilt stille og medverkar til betre prestasjonar.

Sjabraken er dyr, prisen er 1293 kroner, men eg synest den er verdt det. Eg er i alle fall nøgd med min, så eg har kjøpt ein til og har to no. Sjabraken finst berre i svart med grå/kvit kant. Eg ville helst hatt den i blå/kvit/svart, men sidan den vert liggjande under nummerdekkenet spelar det ikkje så stor rolle.

Sjabraken kan du kan kjøpa hjå Hestens beste .


Eg legg så på salen, ein 1,5 kg Zilcosal. Salen er eg nøgd med. Den er litt lang, men kneputene er veldig gode og salen hindrar ikkje hesten sine rørsler noko særleg. Eg har og ein 700g Zilcosal. Den er litt liten synest eg, for eg føler ikkje eg har god nok balanse til å stoppa hissige hestar eller kraftige kaldblodsar om dei galopperer med denne salen. Eg har bruka han nokre gonger, men likar han best når eg rir varmblodshestar på autostart. Når det er voltestart og eg har ein hest som ikkje er heilt trygg i volten føler eg den gjev for lite støtte.

Gjorden eg brukar er og Formiga Air-materialet. Gjorden har strikk i begge endar, så eg strammar litt på kvar side når eg strammar salen. Eg festar halereima på vanleg måte, den gløymde eg å ta bilete av, men det er ein Zilco halereim som følgde med då eg kjøpte salen. Gjorden ligg på vanleg plass og har to fester i salen. 

Salane kan kjøpast på Dyresport.no. Komplett pakke 1,6 kg kostar 4175 kroner. Om du berre skal ha salen utan tilbehøret kostar han 3198 kroner. 700g-salenkostar 2548 kroner utan tilbehør.
Gjorden kan kjøpast hjå Hestens beste. Gjorden kostar rundt 700 kroner.

Gjorden strammar eg litt og litt på begge sider. 

 Eg brukar alltid rett-over-bryst når eg rir. Dersom salen sklir stoppar ikkje brystet hesten sine rørsler på same måte som om du har eit y-bryst som er festa mellom beina til hesten og i gjorden.

Du kan kjøpa bryst i dei fargane du vil. Når eg rir løp bruker eg eit med namnet mitt på. Eg har tre ulike typar med namnet mitt på og mange andre i ulike kombinasjonar med blå. Brystet får du kjøpt hos Dyresport.no.
 Eg festar brystet med klipsen i metallet på gjorden.
Når eg legg på ekstragjorden legg eg den over begge gjordreimane på begge sider. Dette gjer at eg får eit lag mellom spennene og foten min, dermed får eg mindre vondt av spennene.
Slik ser det ut:
Ekstragjorden trekk eg gjennom dei to stroppene på salen, plasserer utenpå begge spennene på gjorden og legg han midt på gjorden under magen slik at han ikkje ligg direkte på hesten og lagar gnag.

Stigbøylane mine har eg under salkappa. I byrjinga hadde eg ein reim over salkappa og ein under, men eg fekk blåmerker og vondt av det, så no har eg begge reimane under og er komfortabel med det.

Stigbøylane mine er aluminium galoppstigbøylar som er 12 cm breie. Eg måtte kjøpa nye då eg kjøpte nye sko som var breiare over tåa. Eg likar dei små galoppstigbøylane med svart beskyttelse betre, men dei er for små for dei nye skoa mine. Når eg rir med gummistøvlane mine brukar eg dei minste stigbøylane.
 Slik ser det ut når alt utstyret er sett på.
 Eit bilete av Easterboy K.K. med montésalen.
Tøylane eg rir med er montéstegtøylar. Med dei føler eg at eg har betre tak i hesten og eg har litt ekstra støtte i tøylane om hesten er hissig og eg vert sliten. Det er lettare å halda eit fast grep i desse enn i gummitøylane synest eg.

Eg har gått over til Wahlsten sine montétøylar. Det er den korte modellen. Tøylane eg har ridd med før var lenger totalt, og det var lenger frå bittfestet til første løkka. Eg opplevde at dei lange tøylane hekta seg innpå foten min i varming/løp, og det likte eg ikkje. Denne korte modellen er mykje tryggare. Dei er litt ubehagelege i skritt om du har ein hest som dreg ned hovudet, men i jogg/trav er dei betre enn dei andre eg har prøvd synest eg. No har eg ridd to prøveløp med dei og er så langt nøgd. Dei finst i både svart og brun. Tøylane er dyrare enn andre, men eg meiner dei er verdt det. Lærtøylar i skikkeleg kvalitet og tryggare. Sikkerheita fyrst.

Du kan kjøpa dei hjå Dyresport.no.
Dei hestane som skal ha drasjekk brukar eg montédrasjekken på. Eg gløymte å ta bilete av den, men den ser slik ut:


No kjøper eg alt utstyret mitt hjå Dyresport.no (med unntak av sjabraken og gjorden eg brukar). Rett og slett fordi dei skaffar alt eg vil ha og er billegaste leverandøren. Dei har god service og leverer varene.

Rideutstyret mitt har eg ikkje teke bilete av, men eg brukar lærridestøvlar frå Mountain horse. Kvite ridebukser av typen TKO. Om sommaren brukar eg sommarbuksa, regnbuksa når det regnar og vinterbuksa når det er kaldt. Om vinteren rir eg med ullundertøy. Eg brukar TKO sine sommarhanskar. I briller brukar eg litt ulike typar, men for tida brukar eg briller med strikk på. Hjelmen min er ein lakkert versjon frå Mira.

Eg trur eg har vore gjennom alt no. Eg er nøgd med rideutstyret mitt og kan absolutt anbefala det vidare.

Kommentarer

  1. Flott blogg Charlotte. Mere slike. :)

    Har jo som du vet Formiga schabrack og gjordt selv. Men schabracken bruker jeg kun til hurtigjobb og gjordten har jeg på treningssalen.

    Liker schabracken kjempegodt, men syns borrelåsen over gjordten ødelegger når man skal ha på nummerskiltet. Men ellers utrolig gode produkter.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje hatt problem med nummerskilt og borrelåsen. Om nummerskiltet er for langt, brettar eg det berre litt opp akkurat der borrelåsen er.

    SvarSlett
  3. Veldig grundig og fin blogg! Du skriver veldig bra :) Moro å se hva andre rir med i løp :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg