Nytt design

No har eg oppdatert bloggen min med nytt design og ny header. Eg har brukt blånyansar slik at det skal stå i stil til drakta mi. Sidan eg ikkje har ridd løp med den nye drakta endå har eg brukt bilete med den gamle.

I headeren har eg brukt bilete frå fleire ulike fotografar. Oppe til venstre er eit bilete av Lillruben. Det er teke av Rune Eikeland og er teke i prøvestarten til sigersløpet vårt. Nede til venstre er eit bilete av Rousseau Detain som Eirik Blindheim tok i Bergen. Biletet er frå det fyrste sigersløpet vårt saman. Biletet midt på er frå min andre siger med Rei Spika. Fotograf på det er Åge Liland. Til høgre har eg eit bilete av meg på ryggen til C.C. Lina som Kristin Stokkedal har teke. Rousseau Detain er den beste hesten eg har ridd. Rei Spika er hesten eg vann mitt fyrste løp i karrieren med, så ho har ein spesiell plass i hjarta mitt. Lillruben er ein krigar som eg synest det er stort å få ri. C.C. Lina har gjort fleire overraskande gode løp med meg på ryggen. Headeren har eg laga sjølv i Photoshop.

I år har eg planar om å oppdatera før løpa eg rir og resultatar etterpå slik som før. Tidlegare har eg ikkje skrive om løpa eg køyrer, men det vil eg gjera i år og sidan eg køyrer nokre ungdomsløp og dameløp. Så då vert det nok litt meir aktivitet her i løpet av året. Bloggen min er berre knytt til min karriere i løpsbanen og det vil eg at han skal halda fram med.

Kommentarer

  1. Liker den nye designen kjempegodt. Ble veldig ryddig og fint.

    SvarSlett
  2. Tusen takk :) Det vart litt meir oversiktleg no ja.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg