Årets fyrste montéløp

På tysdag skal eg ut i mitt fyrste montéløp for året. Det vert på montédebutanten Easterboy K.K. som eg godkjente 14. januar i år. I prøveløpet trava han 1.20,0 enkelt med proppane i, men han var litt skeiv på svingane og skjente litt utover i banen. Kanskje han går betre saman med hestar. Me har 20 meter tillegg, og han står fint på tillegget grunnlagsmessig, men det er gode hestar både framføre og bak. Om han klarer ein premie i debutløpet må me vera nøgde. Det er heile fem debutantar i feltet på åtte hestar så det er vanskeleg å plukka vinnaren. Eg trur Zenitzia kan gå sigrande ut av dette løpet, men om ho rotar seg bort er det veldig ope.

Motstanden:
1. Emil Wibb: Har berre prøveløp bak seg. Då gjekk han 1.21,4 med galopp. Kristine rei han i prøveløpet og valgte å ri han i løpet. Då eg snakka med ho i går verka det som ho hadde litt tru på han. Har lågt grunnlag og har nesten galoppert i alle sulkystartane sine. Sannsynlegvis ein hest som har fordel av å stå framme. Det vert spennande å sjå kor god han er.
2. Zenitzia: Gjekk prøveløp på 1.20,9 åleine. Ho gjekk ei lokalkøyring på Forus i september i fjor og leverte eit svett løp frå strek. Ho opna fort og sprang fortare og fortare, og det resulterte i ein flott siger. Anette eig hoppa, trenar og rir løpet så ho kjenner ho godt. Eg trur fort dette kan vera vinnaren, sjølv om det er debuten.
3. Ciba: Ein hest eg ikkje kjenner til. Kjem nok som reisefølgje for stallvenninna Lykkeflicka. Ho har berre prøveløp bak seg. Då trava ho 1.23,2 med Siv Emilie Løvvold på ryggen. Eg er veldig usikker på kva denne kan og ho er svært vanskeleg å vurdera. Gjekk eit dårleg sulkyløp på Bjerke onsdag og stoppa veldig på sprint då, så er vel kanskje ein premiekandidat i fyrste omgang.
5: Yunin Boko: Har tre montéløp bak seg, men har ikkje overbevist. Det beste resultatet er ein 5. plass, og eg trur han må vera nøgd med premie i dette selskapet sjølv om han var forbetra i sin siste sulkystart.
6. Super Harald: Ein spennande montédebutant. Han trava 1.22,9 med galopp i prøveløpet, men eg trur han kan betre enn det. Om han held seg i trav og liker å gå under sal kan han fort blanda seg inn i trippelkampen. Lise er god å ri og kan gje hesten eit fint løp, og om det løyser seg kan han kanskje til og med vinna i debuten.
7. Kings Centaurus: Han har ikkje vore heilt på topp i sine siste startar, men har gått mot mykje tøffare motstand. Her står han 60 meter bak Zenitzia og om den held seg til trav trur eg Centaurus får problemar med å henta inn tilleggget. Han er i rett lag her og bør vera på trippelen.
8. Ronald Star: Har gått tre løp no. Eg rei han i det fyrste løpet. Då var han vanskeleg i volten og vanskeleg å få opp farten på, men han leverte ei fin varming. Han har ikkje overbevist i monté endå, og hadde nok hatt fordel av autostart. Om han ikkje er blitt betre i volten er eg redd han taper for mykje. Han må ha gått fram med dei to montéløpa han har gåttt for å hevda seg her.


Løp: 1  Montéløp   (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 80.000 kr., 40 m ved 150.000 kr., 60 m ved 350.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Emil Wibb Kristine Kvasnes 9.500 1.18,7v 1.19,1a
2040 2 Zenitzia Anette Selliken 61.000 1.17,5v 1.16,7a
2060 3 Ciba Katrine Olsen Wågenes 106.500 1.17,3v 1.15,4a
2060 4 Easterboy K.K. Charlotte Steine 137.250 1.17,9v 1.16,8a
2060 5 Yunin Boko Gunn Elisabeth Vigane 150.147 1.17,2v 1.14,4a
2080 6 Super Harald Lise Hjetland 333.600 1.16,5v 1.13,0a
2100 7 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 634.893 1.15,5v 1.13,3a
2100 8 Ronald Star Brit Lea 1.097.670 1.14,2v 1.12,8a


Foto: Rune Eikeland

Kommentarer

Populære innlegg