Startar året med prøveløp


På tysdag startar eg eit nytt år i løpsbanen. Den fyrste oppgåva mi er å godkjenna den 5 år gamle Credit Winner-hoppa Famous Tile. Ho har på 23 startar vunne eitt løp, fått tre andreplassar og ni øvrige plasseringar og tjent 48.500 kroner til eigarane sine. Ho har rekordar på 18,4M og 15,9aK. Mora er Hoppe-Kriterievinnaren Real Princess. Det er ei hoppe med fin stamme. Eg har ikkje fulgt med ho i løpsbanen, men eg ser fram til å prøva ein ny hest under sal. Så får me håpa ho likar det, oppfører seg fint og går godkjent. Det er to andre varmblodshestar med, så då får eg kanskje testa ho litt i rygg slik at ho får kjenna på spruten i monté og. Det vert kjekt å ri att, og eg håper eg klarer å godkjenna ho.


Løp: 21  Monté Prøveløp  (ca. kl. 17:25)
Monté Prøveløp
Alle.
2040 m. Voltestart.
ALLE      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Thierry News Kristine Kvasnes 92.200 1.18,2v 1.15,2a
2040 2 Delphis Lantern Anja Espeland 220.965 1.16,5v 1.15,1a
2040 3 Famous Tile Charlotte Steine 48.500 1.18,4v 1.15,9a
2060 4 Doktor Jaros Anne-Marie Mattingsdal 121.000 1.28,3v 1.29,0a      

Kommentarer

Populære innlegg