Easterboy K.K. godkjent

I går rei eg prøveløp på Easterboy K.K. Det var fyrste gong eg brukte den nye drakta som er sponsa av dyresport.no. På førehand hadde eg ikkje heilt tru på denne, sidan han ikkje hadde starta sidan mai 2008. Då eg kom til Forus møtte eg eigaren. Han var ein hyggeleg og svært tolmodig mann. For han kunne fortelja at hesten ikkje hadde vore skada, men at han hadde bruka tida på å trena og at hesten hadde gått på beite om sommarane. I varminga rei eg fire rundar. På sisterunden lot eg han strekkja på beina litt for å kjenna korleis han var. Då trava han veldig fint i god fart rundt ein sving, men han brøyt litt innover.

Eg fekk tips om å ta det litt roleg frå start, fordi han kunne verta gira og galoppera, dermed gjorde eg det. Me opna veldig rolig. Kristine ville ikkje ri i tet, så eg rei fram og overtok føringa. Første 500 meterane opna me på rolige 1.24,4. Då hadde eg fått gang på han og han tok avgarde i 1.16-fart den neste 500 meteren, slik at 1000 meterspasseringa vart 1.20,4. Siste runden gjekk han i jamnt tempo. I nest siste svingen og på langsida brøyt han litt utover, så eg konsentrerte meg berre om å halda han i førstespor og at han skulle få godkjent. Han haldt farten fint inn i mål, og eg hadde ikkje behov for å fra ut proppane frå øyrene hans. Dette var ein fin hest. Han har lågt grunnlag, men om han viser framgang med litt meir rutine under sal så trur eg dette er ein fin montéhest. Tida hans vart 1.20,0 til slutt.

Nokre bilete teke av Rune Eikeland:



Kommentarer

Populære innlegg