Famous Tile vart godkjent

I prøveløpet på tysdag rei eg Famous Tile. Ho kjendes spenstig og fin ut i varminga. Det var tre varmblodsar i prøveløpet. Frå start tok dei to andre opp, så eg rei fram i tet. Begge dei to andre galopperte seg bort, så då måtte eg ri åleine og stola på eigen fartsfølelse. Det var ingen passeringstider, og dermed var det vanskelegare å vurdera kor fort eg måtte ri. Famous Tile var ei kjekk hoppe og ho gjekk berre å klippa i øyrene og trava fint. Ho kom i mål på tida 1.25,0, så det var akkurat det ho trong for å verta godkjent.

Eg rei med Wahlsten sin sikkerhetsvest for fyrste gong i prøveløpet. Den fungerte fint, men sklei litt opp undervegs, så eg må prøva å finna ein måte å justera det på, slik at han held seg på plass. Eg rei og med Wahlsten sine korte montétøylar. Dei var heilt fantastiske, og verkeleg verdt kvar ei krone. Det er tøylar som har løkkene lenger framme, og dei er kortare, slik at dei ikkje utgjer noko fare for å henga seg fast rundt rytteren sine bein. Du kan kjøpa begge deler på dyresport.no


 Begge bileta er tekne av Rune Eikeland.

Kommentarer

Populære innlegg