Den nye drakta debuterer i prøveløp

På lørdag er det V75-kjøring på Forus, og eg har fått hest å ri i prøveløp før løpa startar. Denne gongen skal eg prøva å godkjenna den 10 år gamle valakken Easterboy K.K. Han har ikkje starta travløp sidan mai 2008, men gjekk prøveløp med sulky 3. januar i år. Då gjekk han 20,9 med galopp. Han har tjent 137.250 kroner og har rekordar på 1.17,9M og 1.16,8aM. Hesten har starta 43 gongar og trava fyrst over mål fem gonger.

Eg kjenner ikkje til hesten eller eigaren, men synest det er kjekt å få prøva nye hestar. Dess fleire hestar eg rir, dess betre vert eg å ri, og det er ein fordel. 

Løp: 20  Monté Prøveløp  (ca. kl. 12:45)
Monté Prøveløp
Alle.
2040 m. Voltestart.
ALLE      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Earlina Kristine Kvasnes 92.277 1.16,9v 1.15,4a
2040 2 Easterboy K.K. Charlotte Steine 137.250 1.17,9v 1.16,8a
2040 3 Yankee Splinter Lise Hjetland 243.939 1.18,8v 1.12,0a
2040 4 Gallant Victory Malin C. Stokke 68.500 1.17,9v 1.15,8a

Bilete av Easterboy K.K. frå 2005, lånt av Hesteguiden.com.

Dette prøveløpet vert fyrste gongen den nye drakta mi kjem ut i løpsbanen. Eg gler meg til å ta ho i bruk!

Kommentarer

Populære innlegg