Prøver igjen med Misty

På torsdag skal eg til Bergen for å ri to montéløp. I det 1. løpet skal eg ri Misty Valley N. som far min eig. Eg rei ho sist ho starta monté, men då kom ho ut etter pause og fekk mjølkesyra etter 1600 meter. No har ho fått fleire løp i kroppen, likevel må ho nok vera forbetra for å duga i dette løpet. Ho har ikkje gått under 1.20 i monté endå, men det må ho nok gjera for å vera med i toppen her. Så eg håper ho er forbetra frå sist eg rei ho og så får me satsa på ein premie. Grunnlagsmessig står ho perfekt til med sine 174.000 i eit løp som har hestar med høgst 175.000 kroner innkjørt. Spor ni var ikkje det beste me kunne fått, så me får prøva å få oss ein fin posisjon undervegs.

Motstanden:
1. Yamina Limburgia: Ho kjem frå Østlandet og har Liv Pedersen på ryggen. Har gått fine løp og skal reknast med vinnarsjanse
2. Nordstjernen D.K.: Står perfekt inne både spormessig og grunnlagsmessig. Var hissig i sin siste start, men hevda seg mot betre hestar då. Kan vinna igjen.
3. Goal Pointer: Er god i monté og skal reknast i toppen.
4. Mustang Elegance: Gjekk godt sist han stara monté og står fint til her, kjemper om ein trippelplass.
5. Trustyourtaste: Har god rytter, men eg tvilar på at det er nok til meir enn ein premie her.
6. Moon Ulvholm: Står finare inne enn han har gjort i monté før, likevel trur eg det er ein premiekandidat.
7. Giant Augustinu: Sjokkerer med gode innsatsar innimellom, men er i fyrste omgang ein premiekandidat.
8. Winning Colors: Gjer gode montéløp kvar gong, er litt vanskelig å ri, men har sin faste rytter med. Er rask ut og står perfekt inne grunnlagsmessig og kjemper om seieren her utan galopp.


Løp: 1  Montéløp   (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 175.000 kr.
2100 m. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Yamina Limburgia Liv Pedersen 115.369 1.16,8v 1.15,6a
2100 2 Nordstjernen D.K. Victoria Steine 171.203 1.18,2v 1.15,4a
2100 3 Goal Pointer Caroline L.B. Morken 142.037 1.16,6v 1.16,6a
2100 4 Mustang Elegance Renate Aarlie 156.913 1.15,9v 1.15,3a
2100 5 Trustyourtaste Kristine Kvasnes 113.000 1.16,4v 1.15,5a
2100 6 Moon Ulvholm Christine Pedersen 165.424 1.18,1v 1.15,6a
2100 7 Giant Augustinu Lene Bjånes Indrevær 164.951 1.17,2v 1.15,2a
2100 8 Winning Colors Silje Hogner 173.000 1.19,2v 1.15,6a
2100 9 Misty Valley N. Charlotte Steine 174.000 1.16,4v 1.15,8a

Foto: Eirik Blindheim. Frå sist løp eg rei Misty.

Kommentarer

Populære innlegg