Endelig Lillruben igjen

No har eg ikkje ridd Lillruben sidan 22. oktober, så det skal bli godt å få sitja på ryggen hans att i eit montéløp i Bergen i morgon. Han har ikkje gått voltestart under sal sidan 2. juni, så det vert ei utfordring att. Han er vanskeleg i volten, og me har fått eit vanskeleg og trongt fjerdespor. Det positive er at han berre har tjue meter tillegg denne gongen, dei andre gongane han har starta volte har han hatt 60 meter tillegg, så det er 40 meter betre. Sist eg rei han gjekk han 16,6 i eit sprint autoløp, men han skuffa litt, sjølv om reisa vart hard. Denne gongen må han løysa frå start, og forhåpentlegvis taper me ikkje for mykje. Me har tillegg på gode hestar som Nordstjernen D.K. og Goal Pointer, og dei vert vanskelege å henta inn, spesielt om me taper for mykje i starten. Eg håper at det ikkje vert for mange omstartar. Det er mange hestar på berre to tillegg, og fleire flinke montéhestar. Hentar han seg ein fin premie her må me vera nøgde.

Motstanden:
1. Mustang Elegance: Har vore flink i montéløpa han har gått. Renate har nok ambisjonar igjen og har sjanse til å kjempa om dei gjevaste plasseringane her.
2. Nordstjernen D.K.: Har levert fine montéinnsatsar, var litt svakare i prestasjonen sist. Gongen før var han bra i hardt selskap. Kan vera litt vanskeleg i volten, men har eit fint spor og skal reknast med sjanse.
3. Goal Pointer: Vann enkelt montéløpet han starta sist, og har fin form. Caroline jaktar championatet og er nok sigerslysten, så eg vert ikkje overraska om dei legg på til to strake.
4. Park Angel: Har ikkje vist form dei siste løpa, men har ikkje starta monté sidan 2. juni. Kanskje det er positivt at ho kjem tilbake under sal, likevel trur eg ho er ein premiekandidat.
5. Max Stensbæk: Har berre gått eitt godt montéløp, så det er vanskeleg å tru at alt skal løysa seg denne gongen. Han har vist at han kan, men han må vera tilbake i slag for å hevda seg her.
6. Moon Ulvholm: Overraska til flott tredjeplass sist han var ute i monté, men då var det eit svakare selskap. Om det løyser seg på nytt og formen er like bra klarar han kanskje blanda seg i trippelkampen, men eg trur motstanden vert for hard.
7. Aramis T.K.: Kjem ikkje til start.
8. Hangman: Hesten gjekk eit fint montéløp sist, men denne gongen har han ein rytterdebutant på ryggen og det er nok kanskje ingen fordel. Ledande spor på volten kan gjera det litt vanskeleg, men hesten har gått mange prøveløp i monté for å få rytterar godkjent, og det er kanskje positivt. Trur det er ein premiekandidat.
9. Pay Streamline: Montédebutant som gjekk prøveløp på 1.20,4. Hesten er bra og har fin form, så eg vert ikkje overraska om han blandar seg i toppen allereie i debuten. Rytteren er flink, så det vert spennande å følgja han i debuten.
10. Moreno: Leverte ein svak prestasjon sist han var ute i monté, er nok sjekka opp og forbetra til denne gongen. Lise er glad i tempo, så han satsar nok framover. Er god nok til å kjempa i toppen her.
12. Buck Brodde: Har berre to montéløp bak seg, og var diska for galopp i begge. I prøveløpet trava han 1.20,0. Rytteren kjenner hesten frå trening tidlegare i karrieren hans, og det er nok ein fordel. Han må trava feilfritt for å få premie og eventuelt trippelplass her, men hesten er god nok.
13. Noble: Har berre eitt montéløp bak seg, då gjekk han styggfort på autosprint under Forus Open-dagen, eit løp Moon Dreamer vann. Formen har kanskje vore litt svakare no enn den var då, likevel er han sannsynlegvis god nok til å kjempa i toppen her om volten går fint. Elsie Hafskjold tek turen frå Østlandet for å ri, og han får dermed ein av dei mest rutinerte rytterane i feltet, det kan kanskje vera ein fordel.
14. Manstrong: Har vist stigande form i sine siste sulkystartar. Har ikkje vore ute i monté sidan 29. september. Hesten likar seg godt under sal, men er vanskeleg å få rundt i volten og ledande spor er ingen fordel. Om han kjem seg feilfritt frå start kan han kanskje blanda seg i trippelkampen.
15. Traffic Light: Bakspor på tillegg er ein vanskeleg utgangsposisjon, men det er kanskje riktig for at hesten skal få roa seg og gå feilfritt. Gjekk svært godt i debutløpet sitt og kan viss han vil og held seg borte frå galopp.



Løp: 4  Montéløp   (ca. kl. 19:20)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
2100 m. Tillegg 20 m ved vunnet 235.000 kr., 40 m ved 470.000 kr., 60 m ved 940.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Mustang Elegance Renate Aarlie 156.913 1.15,9v 1.15,3a
2100 2 Nordstjernen D.K. Victoria Steine 173.203 1.18,2v 1.15,4a
2100 3 Goal Pointer Caroline L.B. Morken 156.037 1.16,6v 1.16,6a
2100 4 Park Angel Linda Thorsen 219.500 1.17,1v 1.14,8a
2100 5 Max Stensbæk Linn Hernar Helgeland 182.913 1.16,0v 1.15,3a
2100 6 Moon Ulvholm Christine Pedersen 169.424 1.18,1v 1.15,6a
2100 7 Aramis T.K. Martine O. Sørvik 209.750 1.15,8v 1.15,1a
2120 8 Hangman Lene Karin Julseth 257.919 1.16,4v 1.14,8a
2120 9 Pay Streamline Lene Rotneim 315.028 1.16,2v 1.13,1a
2120 10 Moreno Lise Hjetland 400.384 1.15,8v 1.13,6a
2120 11 Lillruben Charlotte Steine 341.441 1.17,2v 1.14,3a
2120 12 Buck Brodde Camilla Sund 371.291 1.13,9v 1.13,7a
2120 13 Noble Elsie Hafskjold 425.403 1.16,0v 1.12,3a
2120 14 Manstrong Jeanett K. Flatøy 403.000 1.15,9v 1.14,1a
2120 15 Traffic Light Lene Bjånes Indrevær 304.001 1.15,2v 1.14,8a

Kommentarer

Populære innlegg