6. plass og seier

På tysdag rei eg Smooth Moves i det fyrste løpet på tysdag. Me trefte starten godt og han løyste bra, men inn på fyrste svingen var det ein framføre i feltet som galopperte. Då me kom i stor fart og nærma oss den galopperande hesten drog ho ut slik at me mista all farten og måtte ta inn igjen feltet på nytt. Eg rei framover på innersporet og me kom opp i tredje innvendig etter ein runde. Då farten vart skrudd opp til slutt klarte han ikkje henga heilt med, men me kom i mål på 6. plass på 1.18,1.



I det 3. løpet, eit ungdomsløp, kjørte eg Pay Back Money. Det er sambuaren min Stian som eig han saman med kompisen Roald. Me hadde spor ein bak startbilen og eg ville kjøra i rygg, dermed fekk Axis Di Vegas teten, men den vart overflydd av Voukefalas. Dermed vart eg sitjande i tredje innvendig. Ekvipasjen utvendig køyrte i halvspor slik at det vart trongt, men Pay Back var flink og haldt seg i trav. I nest siste svingen køyrte ekvipasjen framføre oss ut eit spor. I siste svingen stoppa hesten på utsida av meg og hesten i tet, men eg såg at eg kanskje kunne få ei luke foran den som stoppa på utsida. Då Axis Di Vegas gjekk ut eit spor ut av siste svingen fekk eg luka og kom ut i andre innvendig. Harbour L. overtok teten og eg fekk fritt fram. Midt på oppløpet drog eg hetta og han svarte med å stikka frå resten til ein flott seier på 1.15,8. Så fort har han ikkje trava på mellomdistanse før. Han gjorde eit kjempeløp og imponerte til ein flott siger. Det var min fyrste sulkysiger med varmblodshest, og det var veldig artig.


Bileta er teke av Rune Eikeland.

Kommentarer

  1. Må være ekstra stas og vinne med hesten til sin kjære. Nå må jo du få oppsittet fremover. ;)

    SvarSlett
  2. Det er ekstra stas med dei ein har sjølv ja. Skal køyra han i eitt ungdomsløp igjen neste tirsdag, så får dei profesjonelle overta :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg