Ein uplassert og ein 7. plass

I Bergen 17. november var eg ute i to montéløp. I varmblodsløpet rei eg Misty Valley N. Eg tok opp frå start direkte sidan me stod ytterst bak bilen, dermed havna me sist i feltet. Det gjorde ikkje så mykje sidan fyrste 500 meterane gjekk på 1.12. Ho sleit litt på svingane, så eg måtte bruka dei til å støtta ho rundt for å unngå galopp. Me klarte å unngå galoppen, men ho tapte mykje og vart sliten av det. Likevel haldt ho betre enn sist og trava 19,9 denne gongen. Det er det raskaste ho har gått under sal, men ho må vera endå betre om ho skal få premie.

Fodnes Grane var hesten eg rei i kaldblodsløpet. Det var ein hissig herremann. I varminga hadde han cresendobitt utan gapegrime, og proppane vart dregne ut av øyrene, slik at han vart hissig. Eg fekk varma i rygg på ein som kjørte. Han var litt usikker når eg sette fart på han, så eg bytta tøylar og proppar etter varminga. I tillegg sette me på bussar framme og ei gapegrime slik at det skulle verta enklare å kontrollera han og halda han på beina.

Han løyste fint frå start i det fyrste forsøket, og då ville me nok fått tet, men det var omstart. I den andre starten var han litt treigare, så då vart det ledarrygg på oss. Han var veldig sprek og prøvde å springa over Trø Stilig i tet. Han var pigg og ein runde før mål rei eg ut i andrespor. Inn på siste svingen kjente eg at han byrja verta trøytt, så eg rei inn i førstespor igjen. Då var det berre å halda han på beina inn i mål, for eg hadde ikkje meir å ri med. Han var flink og trava heilt inn, sjølv om det stumma mykje til slutt. Resultatet vart 7. plass på 1.31.4. Det er det raskaste han har gått under sal. Eigaren var nøgd, så då må eg og vera det. Han har galoppert mykje under sal før, så det var positivt at han klarte å unngå det denne gongen.

Kommentarer

Populære innlegg