Fodnes Grane i Bergen

I det 4. løpet på Bergen Travpark i morgon skal eg testa Fodnes Grane. Han har galoppert i nesten alle montéløpa han har starta. Det raskaste han har trava under sal er 31,9, men det var på mellomdistanse. Han har ikkje gått monté etter han bytta eigar, men har gått sterke tider og fine løp i sulkyløp. Formen ser ut til å vera bra, men han må halda seg i trav om han skal klara å få premie i dette løpet. Det er sprint og me står på 20 meter tillegg, men det er ingen på strek så i praksis står me på strek. Eg kjenner ikkje til hesten meir enn det eg har sett han på Rikstoto Direkte og har ikkje snakka med verken eigaren eller trenaren, så eg veit ikkje korleis hesten er. Motstanden er tøff, så eg trur uansett berre han er ein premiekandidat.

Motstanden:
1. Vertigo Faks: Debuterer i monté. Gjekk prøveløp på 37,1 med galopp. Eg har ridd eit hurtigarbeid på han, og han må vera betre enn han var då for å få premie her.
2. Trø Stilig: Gjekk 29,1 sist han gjekk sprint. Caroline rir han godt og har vunne sprintløp med han før. Kan leda lenge om formen er intakt.
3. Gil Rau Jo: Overraskar kvar gong han går monté, og får ofte fjerdeplassar, men eg trur det er for mange gode konkurrentar her. Så han er nok ein premiekandidat denne gongen.
5. Søndre Prinsen: Vant i sin siste sulkystart og har vist flott form den siste tida. Går han like raskt under sal kan han enda langt framme.
6. Nøkle Pål: Gjekk godt til mål i sulkyløp sist og har gjort fine innsatsar under sal den siste tida. Skal reknast med trippelsjanse.
7. Heffalompen: Gjekk godt i Rappfots Æresløp. Når Liv Pedersen tek turen til Bergen hovudsakleg for å ri denne, vitnar det om at ho har tru på hesten og han skal nok reknast med sigersjanse.
8. Drageblæsen: Havna utan rytter sist det var montéløp, men har gått ok løp før det, likevel er han nok ein premiekandidat her.
9. Schutora: Eg fekk tilbod om å ri ho, men hadde sagt ja til den andre eit par timar før. Eg trur dette er ein bra hest som kan duga godt under sal. Gjekk prøveløp på 1.32,1. Kanskje kan ho blanda seg i trippelkampen i debuten med fin reise undervegs.
10. Høgda Svarten: Leverer alltid gode løp i monté, og kan fort vinna her, sjølv om han har 40 meter tillegg på dei som startar lengst framme.
11. Tangen Mari: Debuterer i dette løpet. Kristine trur ho kan vera blant dei tre-fire her. Ho gjekk eit fint prøveløp på 30,7 åleine og skjerpar seg nok ytterlegare med hestar rundt seg. Eg trur ho kjemper i toppen.
12. Gilborken: Leverte ein svakare innsats i travløp sist, men trivs godt under sal og har stort sett vore på trippelen kvar gong han har starta. Kjemper om trippelplassering igjen.


Løp: 4  Montéløp   (ca. kl. 19:20)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige.
1600 m. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 325.000 kr., 60 m ved 600.000 kr., 80 m ved 950.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1620 1 Vertigo Faks Victoria Steine 176.500 1.29,2v 1.28,6a
1620 2 Trø Stilig Caroline L.B. Morken 155.000 1.29,1v 1.27,5a
1620 3 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 299.200 1.27,2v 1.27,2a
1620 4 Fodnes Grane Charlotte Steine 280.976 1.28,7v 1.26,7a
1640 5 Søndre Prinsen Sonja Kløften 459.050 1.24,8v 1.24,4a
1640 6 Nøkle Pål Renate Aarlie 596.200 1.26,3v 1.25,8a
1640 7 Heffalompen Liv Pedersen 380.500 1.26,0v 1.26,3a
1640 8 Drageblæsen Silje Jordalen 467.900 1.26,6v 1.25,1a
1640 9 Schutora Silje Hogner 346.000 1.26,7v 1.26,2a
1660 10 Høgda Svarten Lise Hjetland 864.372 1.24,6v 1.24,1a
1660 11 Tangen Mari Kristine Kvasnes 660.500 1.25,2v 1.25,7a
1660 12 Gilborken Iselin Teigen 725.500 1.25,5v 1.23,8a

Kommentarer

Populære innlegg