Montéprøveløp med Grand Du Ling

Den tidlegare oppassaren til Lillruben har og ansvaret for Grand Du Ling. I morgon skal eg prøva å godkjenna den 8 år gamle hingsten til monté. Han har tent 480.716 kroner i karrieren og trava 13,4aK og 15,0M på det raskaste. Så langt i år har sesongen vore litt skral, og han har ikkje tent så mykje pengar denne sesongen. Han er etter Turbo Thrust, som har mellom anna den svenske montéslageren Simb Moonzoom og den norske montéhesten Adrenalin på si avkomliste. Så det er berre til å håpa at han er like bra som dei. Han skal trava 1.25,0 og det bør han klara om han held seg i riktig gangart. Det er kjekt å prøva nye hestar og lenge sidan eg har ridd prøveløp no, så det er fint å få ri ein ny hest igjen.

Eg fekk tilbod om å ri One Hot Minute i det same prøveløpet, men den skal systera mi, Victoria, prøva seg på ryggen til. Det er òg ein spennande  montéhest som venninna mi, Jorunn, eig og trenar.

Løp: 21  Monté Prøveløp  (ca. kl. 17:18)
Monté Prøveløp
Alle.
2100 m. Voltestart.
ALLE      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Doris V. Renate Aarlie 175.226 1.17,1v 1.15,6a
2100 2 Grand Du Ling Charlotte Steine 480.716 1.15,0v 1.13,4a
2100 3 One Hot Minute Victoria Steine 197.500 1.16,5v 1.13,4a
2100 4 One Hot Lady Stine-Elise Iversen 34.464 1.18,4v 1.16,3a


Biletet tok eg av Grand Du Ling i Bergen 4. april 2009.




































Kommentarer

Populære innlegg