Første gong på ryggen til ein millionær!

På Forus neste tysdag skal eg endeleg få oppfylla ein av mine draumar: Ri ein hest med over 1 million i grunnlag! Det ser eg verkeleg fram til. Før helga ringte Geir M. Thorkelsen som leiger Smooth Moves til meg og spurde om eg ville ri montéløpet. Det sa eg sjølvsagt ja til. Dermed skal eg ut med Smooth Moves på Forus. Han har tjent nesten 3 millionar kroner og har trava 14,2K og 11,5aK i sine glansdagar. På 17 startar i år har han ein andreplass, ein tredjeplass og åtte premiar. Totalt 41.500 kroner innkjørt.

Montéprøveløpet gjekk han med Kristine Kvasnes på ryggen i august. Då trava han 16,9 åleine. Han har berre gått eit løp under sal etter det. Kristine rei då òg. Han gjekk eit fint løp og avslutta fint til 4. plass bak mellom anna Malcyon Magic. I løpet denne gongen står han litt dårleg inne på 60 meter tillegg, men sidan det ikkje er hestar på strek, så har han i praksis 40 meter tillegg. Hestane som står framføre er gode, så han må nok i fyrste omgang kjempa om ein premie i dette løpet.

Motstanden:
1. Pretty Des: Gjekk prøveløp åleine på 21,5. Rytteren har berre eit løp bak seg og det er vanskeleg å vita kva hesten kan, men eg trur dei kjempar om premie fyrste gong ut.
2. Center Käll: Har gått gode løp tidlegare. Galopperte seg bort i Bergen siste starten under sal. Får ny rytter her, og det er vanskeleg å seia kva utslag det har. Hesten har vist at han kan, men kanskje nokon av dei lenger bak vert for gode.
3. Lexby Girl: Gjekk eit fint løp på lokalkøyring i september med eigaren på ryggen, men møter nok for hard motstand her sjølv om ho har fordel av å starta nokre meter framføre dei verste konkurrentane.
4. Lantern: Er tilbake etter pause/skadeavbrekk. Kristine sit på ryggen for fyrste gong i løp, men kjenner han godt frå trening, og han er nok best mogeleg førebudd til dette løpet. Sjølv om han må gå med sko trur eg han kjemper i toppen her.
5. Luigi: Får ny rytter på ryggen. Han galopperte sist han starta montéløp. Held han seg i trav er han flink og kan kjempa om ein trippelplass.
6. Nokien: Har berre eit løp bak seg i travritt og gjekk 18,4 på Bjerke og enda uplassert. Linda kjenner hesten frå trening og frå prøveløpet, men ho må nok vera betre enn på Bjerke for å vera i toppen her.
7. Kings Centaurus: Han er nesten alltid på trippelen. Skuffa i sin nest siste start, men var tilbake på trippelen sist løp, og skal nok reknast med trippelsjanse igjen om han får rett reise undervegs.
8. Moreno: Har gjort det meste riktig under sal med eigaren på ryggen. Han har levert to fine løp på rad og skal reknast med trippelsjanse igjen.
9. Inspector Barnaby: Har ikkje overbevist i montéløpa tidlegare. Ny rytter på ryggen no, men eg trur han er ein premiekandidat i dette feltet.
11. Balder Exclusive: Han har ikkje vore ute i monté sidan september i fjor, men det enda med siger. Trenaren Gaute Lura pleier å ha hestane i form og godt førebudde når dei kjem ut under sal, så eg vert ikkje overraska om han er med på trippelen her, sjølv om han har tillegg på gode konkurrentar.


Løp: 1  Montéløp   (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 120.000 kr., 40 m ved 340.000 kr., 60 m ved 650.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2060 1 Pretty Des Anette Veggeberg 197.600 1.15,2v 1.14,5a
2060 2 Center Käll Siw Helen Bø 295.231 1.14,9v 1.13,6a
2060 3 Lexby Girl Marielle Øvrebø 136.600 1.17,0v 1.14,6a
2080 4 Lantern Kristine Kvasnes 370.100 1.15,8v 1.13,4a
2080 5 Luigi Anette Selliken 437.000 1.15,6v 1.13,1a
2080 6 Nokien Linda Bø 549.244 1.14,1v 1.13,1a
2080 7 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 625.893 1.15,5v 1.13,3a
2080 8 Moreno Lise Hjetland 400.384 1.15,8v 1.13,6a
2080 9 Inspector Barnaby Ronja Good Djøseland 352.532 1.15,7v 1.14,2a
2100 10 Smooth Moves Charlotte Steine 2.948.320 1.14,2v 1.11,5a
2100 11 Balder Exclusive Caroline L.B. Morken 1.235.624 1.14,5v 1.12,7a


Kristine og Smooth Moves i prøveløpet. Foto: Rune Eikeland.

I tillegg til dette løpet skal eg ut med Pay Back Money i eit rekruttløp. Det ser eg fram til.

Kommentarer

Populære innlegg