Vertigo Jette debuterer

På søndag skal eg ri Vertigo Jette i hennar montédebut. Me står åleine på strek på 2100 meter. Ho gjekk prøveløp på 34,8 i juni, men ho verka stabil med tre hestar rundt seg då. Korleis det vert med eit heilt felt veit eg ikkje, men om ho går feilfritt i debuten er det bra. Dersom ho er betre enn i prøveløpet, kan ho kanskje henta seg ein premie, sjølv om motstanden er hard.

Motstanden:
2. Troll Spika: Leverte eit sterkt prøveløp på Forus på 29,9 åleine. Denne hoppa har sannsynlegvis fordel av å gå åleine, men det kan henda ho er meir stabil i monté. Går ho feilfritt er dette vinnaren, trur eg.
3. Stumne Sindy: Både hesten og rytteren debuterer i monté. Vanskeleg å vita kva dei kan. Prøveløpet vart godkjent på 39,2 og må nok gå fortare enn det for å få premie her.
4. Espeset Frøya: Gjekk eit greit prøveløp på 36,2, utan at det seier så mykje om kva ho kan. Veldig variable prestasjonar i travløp, men hentar seg nesten alltid premie. Eg trur ho har nok med å kjempa om ein premie fyrste gong ut.
5. Kuven Erla: Nok ein debutant. Gjekk prøveløp på 35,0, og eg veit ikkje kva ho kan. Premiekandidat fyrste gong ut.
6. Fodnes Corrado: Oda Mykkeltvedt rei 28,9 på han i prøveløpet, men han var ikkje i orden då eg rei han i hans debut. Hesten er god nok til å kjempa om sigeren om han er i orden denne gongen.
7. Drageblæsen: Har berre eit løp bak seg. Gjekk 30,7 då og gjorde ein grei innsats. Kjemper om premie.
8. Gil Rau Jo: Får premie i nesten alle montéløpa han går, og overraskar innimellom med trippelplassar. Eg trur han kjemper om premie igjen.
9. Nøkle Pål: Var tilbake i vinnarslag sist han starta monté og kan kjempa om sigeren igjen om han er i like fin form.
10. Høgda Svarten: Han er god i monté, har reist litt og møtt hard motstand. Det er enklare i mot her, så han kjemper nok i toppen igjen.
11. Timor: Jaktar dei siste 2000-kronene for å runda millionen innkjørt. Vann eit montéløp på lokalkøyring på Forus i september, såg fin ut då. 80 meter tillegg er langt, men om nokre av hestane foran rotar seg bort og ho sjølv held seg i trav kan ho kjempa om sigeren.
12. Gilborken: Vann i sin siste sulkystart, så eg reknar med formen er bra. Han har vore god i monté tidlegare og kan kjempa i toppen igjen.

Kommentarer

Populære innlegg