Ny sponsor = ny drakt

Eg fekk ein hyggeleg telefon tidlegare i år. Ann-Sophie Myklebust ringte og spurde om dei kunne få sponsa meg med ny drakt. Då eg fekk lisensen sponsa Brødrene Steine A/S meg, og eg rir i den drakta heilt til eg får den nye. Min nye sponsor er dyresport.no. Eg har bestilt det aller meste gjennom dei i dei siste åra. Dei har fantastisk service og hjelper til med å få tak i alt eg og andre treng. Er det noko eg manglar, spør eg berre dei, og etter ei lita stund har dei skaffa det for meg og det dukkar opp i posten. Så om det er noko du treng til deg sjølv eller hesten, så sjekk ut nettsida deira. I nettbutikken har dei mykje liggjande. Er det noko du ikkje finn kan du berre senda ein mail, så finn dei ut av det for deg. 

Den nye drakta mi kjem til å sjå slik ut:

Kommentarer

Populære innlegg