2. plass med Lillruben

Lillruben gjekk sitt sjette montéløp på V75-køyringa på Forus 1. oktober. Han hadde eit sår på manken, og på transporten ned hadde han fått eit på halen, så utgangspunktet var ikkje heilt bra. Han stod fint inne grunnlagsmessig i dette løpet, og i eit fint fjerdespor bak bilen. Varminga var fin og i defileringa krumma han nakken og hadde skikkeleg spenst i steget. Då starten gjekk klarte han ikkje kjempa om teten, så me vart hengjande i dødens. Eg hadde ikkje så lyst å ri der igjen, og han vart hissig, så han pressa på ledande Blow The Bugle. På fyrste langsida overtok me teten. Han var framleis hissig, og eg tørde ikkje halda for masse i han fordi han då kjem litt ut av travet. Dermed vart fyrste 1000 meter passert i 1.16-fart, og det vart fyrste 1450 meter og. Han var litt tung i kroppen, og eg drog skylappane inn på oppløpet. Kanskje eg ikkje burde gjort det, for då K.L.M. Kilroy kom bak frå klarte han ikkje svara opp og me tapte med hode og hals. Likevel var eg svært nøgd med innsatsen hans etter halvannan månad pause. 2. plass og 10.000 kroner inn på konto var bra på 1.17,0 over mellomdistanse. No har han fått eit montéløp og eit sulkyløp i kroppen, så skal han meldast til eit løp på rikstotoen i Bergen 22. oktober.


Kommentarer

Populære innlegg