6. plass til Lillruben

I går starta Lillruben i ARKA's Montésprint. Han var piggare i varminga, men han skjena litt utover i banen og fungerte ikkje like godt i travet som før. I løpet løyste han betre frå start, men me vart hengjande i tredjespor. Luka på innsida var ikkje stor nok til at eg kom ned, så me vart hengjande i tredjespor til nest siste svingen. Då kom me ned i andre utvendig, men det var ikkje noko trøkk i han, så eg drog både hetta og skylappane. Likevel fekk eg ingen reaksjon. Han tente litt til att ned oppløpet, men ikkje nok til å henta inn at konkurrentane framføre. Me var tre hestar på linje om fjerde-, femte- og sjetteplassen, men me var sist av dei og måtte ta til takke med 6. plass på tida 1.16,6. Det var fyrste gongen han enda utanfor trippelen i monté, og fyrste gong han gjekk sprint under sal. Han gjekk eit greit løp, men eg håper han kjem sterkare tilbake.

Foto: Eirik Blindheim

Kommentarer

Populære innlegg