Uplassert med Misty

Eg rei Misty i Bergen 29. september. Eg varma roleg, men ho verka mjuk og smidig. I prøvestarten var ho veldig fin. Då løpet gjekk kom me fint til i andre utvendig. Det gjekk fort undervegs, men Misty hang fint med i 1600 meter, men i siste svingen var det slutt. Då vart ho akutt trøytt, sannsynlegvis var det mjølkesyra som henta ho inn, sidan ho ikkje hadde starta på ein månad. Vanlegvis treng ho nokre løp å koma i gang att etter pause. Dermed enda ho uplassert på tida 1.20,7. I tillegg hadde belegget på eine bakfoten sklidd ned, så det var ikkje heilt ideelt. Ho gjorde ein heilt ok innsats.

Foto: Eirik Blindheim

Kommentarer

Populære innlegg