Lillruben i ARKA's Montésprint

På laurdag skal eg ut med Lillruben igjen. Den vesle krigaren skal prøva seg på ein sprint under sal for fyrste gong. Han har berre gått løp på 2100/2040 meter i monté, så det vert spennande å sjå om han synest det er like kjekt på sprint. Han har vore flink i alle dei andre løpa i travritt, så eg håpar han kan gjera ein ny, fin innsats. ARKA sponsar montéløpet som har 30.000 kroner til vinnaren, sigersdekken og pokal til eigar, trenar, oppassar og rytter.

Motstanden:
1. Nordstjernen D.K.: Var god i løpet han vann nest sist han starta monté. Autostart denne gongen, og det er kanskje ein fordel. Står dårlegast inne, men eg trur hesten er god nok til å kjempe langt framme likevel. Har berre starta eitt sprintløp, og det enda med siger på 17,3.
2. Aramis T.K.: Gjekk godt sist han var i Bergen, men eg trur premie er mest aktuelt for han her.
3. Center Käll: Har bytta trenar, og formen er dermed usikker. Har gått fine montéløp. Ny rytter på ryggen no. Har aldri gått sprint under sal, så det er uvisst kor fort han kan gå, men eg trur han kan kjempa om ein trippelplass.
4. Company Ås: Galopperte frå tet sist han starta monté. Vann enkelt sulkyløpet han starta før det. Hesten er god, og om han held seg i trav kan han vera på trippelen her.
6. K.L.M. Kilroy: Har god form for tida. Galopperte seg bort bak bilen sist han starta, men vann frå dødens sist eg rei Lillruben. Han er god nok til å kjempa i toppen igjen om han ikkje rotar seg bort.
7. Digital Recorder: Leverte ein svett siste 500 meter i sin montédebut, landa på 14,6 på sprint, og jaktar sigeren her.
8. Knödden Aubiose: Får ny rytter på ryggen her. Gjekk eit greit montéløp sist, men mangla kanskje litt til slutt. Trenaren pleier å ha hestane i form til rett tid, og med rette løpet kan han kanskje dukke opp framme.
9. Moreno: Har gått montéløp mot hard motstand og har trava 13,6 på sprint. Vann i sin siste start, så formen skal vera bra. Må reknast i toppen igjen.
10. Luigi: Kristine fekk 2.plass med han sist han gjekk monté. Vart diskvalifisert sist han prøvde seg på sprint under sal, men har ikkje galoppert etterpå. Står best inne grunnlagsmessig, og sporet har ikkje så mykje å seia. Kan få ei fin reise og kan plukka mange til slutt.


Løp: 1  Montéløp   (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 450.000 kr.
1600 m. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 30.000-15.000-9.000-6.000-4.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Nordstjernen D.K. Victoria Steine 165.203 1.18,2v 1.15,4a
1600 2 Aramis T.K. Henriette Bye 209.750 1.15,8v 1.15,1a
1600 3 Center Käll Linda Bø 292.231 1.14,9v 1.13,6a
1600 4 Company Ås Caroline L.B. Morken 328.687 1.15,5v 1.13,5a
1600 5 Lillruben Charlotte Steine 333.441 1.17,2v 1.14,3a
1600 6 K.L.M. Kilroy Kari Anne Knutsen 352.000 1.16,9v 1.14,6a
1600 7 Digital Recorder Siv Emilie Løvvold 368.595 1.15,6v 1.13,8a
1600 8 Knödden Aubiose Lene Bjånes Indrevær 386.136 1.15,0v 1.12,9a
1600 9 Moreno Lise Hjetland 388.384 1.15,8v 1.13,6a
1600 10 Luigi Kristine Kvasnes 437.000 1.15,6v 1.13,1a3

Kommentarer

Populære innlegg