Galopp for Jette

På søndag rei eg Vertigo Jette i hennar montédebut. Ho kjendes fin ut i varminga. I prøvestarten fekk ho ein hest opp på sida og då raste ho avgarde i galopp. Det var ein laus hest, så det tok litt ekstra tid før løpet kom i gang, men ho var roleg.

Me fekk ein dårleg start, for ho var treig å få opp farten. Sidan me var åleine på strek behaldt me teten. Ut av første svingen kom Troll Spika og overtok føringa. Det tålte Jette. Då Fodnes Corrado kom bakfrå og passerte litt nærare, trava ho fortare og fortare, men så galopperte ho. Det var ikkje så lett å stoppa då, så me tapte mykje. Langt bak feltet gjekk ho i eit fint tempo. I nest siste svingen falt ho litt innover, sprang på ein kvit stolpe og galopperte på ny. Utan denne galoppen hadde ho nok fått premie, men det enda med at me vart uplassert og distansert.

 Foto: Eirik Blindheim

Kommentarer

Populære innlegg