Ny debutant i Bergen

I tillegg til prøveløpet med Carolina K. skal eg ri Shocking Love i eit montéløp. Han er ein 6 år gammal vallak etter Love You og Horsefeeder Evita. Han har minst grunnlag med sine 70.600 kroner og har berre eit prøveløp på 20,8 under sal. I dei siste sulkyløpa han har gått har han gjort fine innsatsar. Det er vanskeleg å vurdera kva han kan sidan det er fyrste gong ut i monté, men eg håper han går feilfritt og gjer ein fin innsats. Eg gler meg til å testa han, for han såg ut som ein fin montéhest i prøveløpet.

Motstanden:
1. Viking Neyenrode: Montédebutant som gjekk prøveløp på 22,2. Gjekk det enkelt i prøveløpet og har nok meir inne. Kan fort vera i toppen fyrste gong ut.
2. Goal Pointer: God montéhest. Kan galoppera, men er i toppen feilfritt. Har gått eitt løp med autostart i monté og det enda med siger.
3. Nordstjernen D.K.: Flink under sal, men er veldig hissig. Siv Emilie Løvvold har ridd tidlegare, no får han ny rytter. Kjemper om sigeren her.
4. Moon Ulvholm: Må vera forbetra og kjemper om premie her.
5. Giant Augustinu: Har ikkje starta sidan 2. juni, usikker form. Galopperer mykje, men er på trippelen innimellom.
6. Aramis T.K.: Har fin form ifølge eigaren. Fekk 5. plass på 17,5 i sin siste start. Kjemper om premie.
8. Max Stensbæk: Gjekk god i sitt debutløp under sal, men har galoppert seg bort i dei to startane etterpå. Må gå feilfritt for å vera med i kampen. Uerfaren rytter kan vera eit minus på ein usikker hest.
9. Naomi Dryad: Står på Kristine Kvasnes på starlista, men Jeanett Knappskog skal ri. Har berre gått eit løp under sal og enda uplassert på 18,3 då. Kjemper nok om premie her.
10. Winning Colors: Har gått gode montéløp på Austlandet i det siste. Vanskeleg hest, men om rytteren kjem overens med ho kan dei fort vera langt framme her.

Eg synest det er eit jamnt løp der fleire kan vinna. Nordstjernen D.K. skal ha ein god sjanse. Det har og Goal Pointer som har vist at han er god under sal. Winning Colors kan vera med langt framme og det vert spennande å sjå debutantane. Eg håper Shocking Love går feilfritt og at me klarer ein premie her.



Løp: 4 Montéløp (ca. kl. 19:20)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 220.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto V5-3
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Viking Neyenrode Renate Aarlie 114.617 1.18,2v 1.14,9a
2100 2 Goal Pointer Caroline L.B. Morken 136.537 1.16,6v 1.16,6a
2100 3 Nordstjernen D.K. Victoria Steine 153.203 1.18,2v 1.15,4a
2100 4 Moon Ulvholm Christine Pedersen 160.424 1.18,1v 1.15,6a
2100 5 Giant Augustinu Lene Bjånes Indrevær 160.951 1.17,2v 1.15,2a
2100 6 Aramis T.K. Mariann Borgen 201.750 1.15,8v 1.15,1a
2100 7 Shocking Love Charlotte Steine 70.600 1.17,3v 1.15,5a
2100 8 Max Stensbæk Linn Hernar Helgeland 176.313 1.16,0v 1.15,3a
2100 9 Naomi Dryad Kristine Kvasnes 217.700 1.16,4v 1.15,1a
2100 10 Winning Colors Christiane J. Kristiansen 168.000 1.19,2v 1.15,8a

Kommentarer

Populære innlegg